Kystsogevekene 2012

– Det blei sei-er!

VIDEO: Kystsogedagane opna med god fangst, intens konsert, kunstutstilling, kappsegling og open båt med tilbakeblikk på MS "Røttingøy" si historie.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag opna Kystsogevekene i Os, kulturmønstringa som strekk seg over meir enn 20 kystkommunar på Vestlandet.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Etter at Os kommune i fjor hadde hovudopninga, og la denne til sentrum og nyopna Oseana, var den lokale opninga i Os i år tilbake i Søre Øyane.

Som ein (kald) Hellas-ferie

Og det blei øyhopping for dei som ville ha med seg alt, frå opningstalen til ordførar Terje Søviknes på butikken Vedholmen Landhandel på Bruarøy til konsert og kunstutstilling-opning på Vedholmen Galleri på Sundøy.

Vidare gjekk turen for mange til open båt på MS "Røttingøy", som ligg i Gjelevika på Røttingen. Så var det tilbake på butikken for å sjå fangsten til dei rundt 90 deltakarane i årets fiskekonkurranse. 

I mellomtida hadde det også vore kappseglas med oselvarar på Kjerringahavet, som ligg mellom Bruarøy, Sundøy og Lepsøy.

Fullt hus på galleriet

Medan dei som liker best den utøvande delen av kystkulturen vår var og fiska gjekk andre for å få med seg jazzkonsert og kunstutstilling.

Vedholmen Galleri, som ofte har musikalske innslag når det er vernissasje, stilte laurdag med full konsert med den kjente jazztrioen "1982". Arrangementet var sponsa og gratis for publikum, som det blei så mange av at det sto bilar heilt opp til fotballbanen og folk som samla seg utanfor dører og vindauge fordi det var fullt inne på galleriet.

Kunstnarane Kristian Finborud og Beate Einen fekk med det ei fin opning av utstillinga deira.

Vann med sei på 3,7 kilo

I fjor fekk Mathias Dale den største fisken under konkurransen Os Småfiskarlag arrangerer, ein torsk på 2,42 kilo.

Året før vann Magnar Stokke med ei lange på 3,43 kilo.

I år låg Martine Døsvig Sundøy an til siger med ei lange på rett over 3 kilo, men så kom Kristine Kvinge til land med ei pale (sei) på heile 3,70 kilo.

– Eg måtte dra snøret opp for ho, for det var tre nesten like store seiar på same snøre, fortel svoger og gentleman Kent-Eivin Austevoll.

Dei tre som fekk mest fisk i klassane under 10 år, frå 10 til 16 år og over 16 år fekk premiar. Alle dei yngste fekk dessutan diplom av Os Småfiskarlag.

Dei fleste som fekk mykje fisk låg på ein fangst på til saman rundt 15 kilo frå klokka 12.30 til 15.00 laurdag.

Det var rundt 90 deltakarar mot 60 i fjor. Tidlegare år har deltakartalet vore på frå 120 til 150 fiskarar, så vêrmeldinga, som var langt våtare enn resultatet, skremte nok enkelte frå å finna fram båt og stang.

 

Fleire saker