Kultur | 03. feb. 2016

Det blir fullt på Aurora

Når Aurora kjem heim til Os 27. februar blir det til eit fullstappa Oseana. – No er det berre omlag 100 billettar igjen, seier Berit Steen.

Det blir fullt på Aurora
Aurora trekk fullt hus både på Oseana og i utlandet (foto: Kenny Mc Cracken)
Andris Hamreonsdag 03. feb. 2016 11:01

Det er ikkje berre ungpikeidola Marcus og Martinus som trekk fulle arrangement i Os denne sesongen. Vår eiga Aurora Aksnes er i ferd med å fylla opp Oseana til konserten 27. februar. Noko som ikkje har skjedd med flatt gulv sidan Vamp heldt sin første konsert i kulturhuset for fem år sidan.

– Vi har plass til vel tusen tilhørarar, no er det att berre omlag hundre billettar, så om osingane skal få med seg Aurora på heimebane må dei vera om seg, seier arrangementssjef Berit Steen i Oseana.

Boost etter spelemann

Sjølv om salet var godt også før spelemannsprisen blei delt ut i helga, merker arrangørane ein auka pågang.

– Etter at Aurora blei kåra til årets nykommer under spelemannsprisen laurdag har vi merka eit enno større trøkk på billettservice. Salet per dag gjorde eit hopp i helga.

– Er det berre osingar som kjem, eller merkar de trøkket også utanfrå?

– Det er eindel osingar, men vi ser ut frå systema at det ein god del tilreisande frå Bergen og andre områder som planlegg å komma til konserten i slutten av månaden. Det er òg kjekt å sjå at Aurora famnar breidd i publikummet.

– Det er unge som kjem i følgje med verge, men òg eldre. Aurora har heilt tydeleg ein brei appell for fleire generasjonar, konkluderar Steen.

Over all forventning

Steen innrømmar at salet er betre enn dei hadde trudd.

– Det er klart vi hadde håpa på at Aurora skulle fylle huset. Sist ho var på heimebane var det halvfullt, no blir det sprengt.

– Eg skal innrømma at salet har gått over all forventing, men eg er likevel ikkje overraska. Aurora byrjer å bli stor, og dette er berre starten.

– Det skal bli flott å få ho på heimebane. Vi skal gjera vårt for at det blir ei god oppleving for Aurora, bandet og ikkje minst publikum, avsluttar Berit Steen.

Fullt hus i Manchester

Det er ikkje berre på heimebane Aurora trekk fulle hus og haustar stor merksemd. I det verdskjende musikkmagasinet Rolling Stone, blir ho lista som ei av dei 10 amerikanerane skal halde augne opne for i året som kjem.

Måndag tok ho Manchester med storm og fekk gode kritikkar etter konserten i eit fullstappa Deaf Institute.

– Ein straum av fokusert, men likevel eksplosiv energi slår mot oss i det vi blir servert Warrior, Runaway og fleire andre låtar eg førebels ikkje er så familiær med, men som eg har planar om å bli betre kjend med. Uten unntak er kvar låt ho serverer ei vakker perle, ei gåve frå hennar innerste sjel, skriv Mary O' Meara i Louder than war etter Aurora sin konsert.

Aurora fanga publikum med si skyhet og sjarm.

– Mellom songane virkar ho genuint overvelda, nesten overraska av publikums heftige applaus og henførte oppmerksomheit. Det var i desse augeblikka eg lett kunne sjå kor ung ho er (nitten) og kor sky ho framstår. Hennar smil og sjokk over at det var så mange av oss i salen var søt og ærleg, skriv O'Meara som lot seg særleg fengja av ekstranummeret «Through the Eyes of a Child» frå albumet Aurora slepp 11. mars.

Det er berre å gle seg!

– I det eg gjekk ut i Oxford road kunne eg ikkje sjå stjernane blinka, berre skyar, men eg visste dei var der, skinande i vinternatta, oppsummerar O'Meara.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.