Politi | 29. apr. 2022

– Det er gratis å oppføra seg

Politiet i Bjørnafjorden delte «prisliste» på ulike lovbrot.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. apr. 2022 11:16

I samband med auka mengde festdeltakarar når vinter blir til vår og sommar, og start på russetida, har politiet i Oslo, Asker og Bærum delt ei liste over lovbrot med tilhøyrande reaksjon og straff på Facebook-sida si.

Politiet i Bjørnafjorden og Austevoll har delt lista.

Du rekna kanskje med at vald og seksuelle overgrep kan føra til fengsel, men visste du at skjenking av mindreårige kan gi bot på 6000 kroner?

Du risikerer også å måtta punga ut 6000 kroner om du blir tatt for urinering på offentleg stad, mens drikking på offentleg stad er minsre kostbart.

Politistasjonssjef Oddbjørn Dyrdal har, i samband med tidlegare inngang på julebordsesong, minna innbyggarane på at det «er gratis å oppføra seg».

Skulle du likevel mista impulskontrollen, eller vikla deg inn i meir alvorlege saker, her er lista og link til andre fokusområde Politiet i Bjørnafjorden og Austevoll informerer om på Facebook-sida si.

Då lista blei delt har det hausta kommentar som «bør ikkje gjerast utanom fest heller». Vi reknar med at politiet er einig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.