Lokal | 28. aug. 2017

Gode verktøy for betre rusomsorg

Høie fekk høyra sterke vitnemål og smarte spørsmål då han besøkte Vartun i dag.

F.v.: Eva-Mari, Arve, Bent, Tor Arne og Emil i verkstaden til Vartun. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. aug. 2017 18:14

Bildeserie:

Høie, Hitland og Emil. (Foto: KVB)
Skaatun og Sperrevik med Høie på Vartun. (Foto: KVB)
God servering ... (Foto: KVB)
... og laus prat. (Foto: KVB)
Eva-Mari Solberg ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Emil fortalde eksempel på korleis brukarane opplever tilbodet. (Foto: KVB)
Tid for foto. (Foto: KVB)
Statsråd-selfie. (Foto: KVB)
Omvising på verkstaden. (Foto: KVB)
Høie, Hitland og Emil. (Foto: KVB)
Skaatun og Sperrevik med Høie på Vartun. (Foto: KVB)
1 av 9
Skaatun og Sperrevik med Høie på Vartun. (Foto: KVB)
God servering ... (Foto: KVB)
... og laus prat. (Foto: KVB)
Eva-Mari Solberg ønskte velkomen. (Foto: KVB)
Emil fortalde eksempel på korleis brukarane opplever tilbodet. (Foto: KVB)
Tid for foto. (Foto: KVB)
Statsråd-selfie. (Foto: KVB)
Omvising på verkstaden. (Foto: KVB)
Høie, Hitland og Emil. (Foto: KVB)

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) turnerer i Hordaland i dag. Etter å ha starta dagen på Alversund dagsenter på Lindås reiste han, via møte med leiinga ved Haukeland universitetssjukehus, til Vartun for å høyra om prosjektet Livskvalitet.

Midtsiden har tidlegare omtalt fleire av aktivitetane og arbeida i prosjektet, frå start til 2. plass i Dragebåtfestivalen, bygging av vennebenk i Lysefjorden, opprusting av Ervikane og kjendiskamp under fotballturneringa EMS-cup på Kuventræ.

– Vi hadde håpa på inntil 20 brukarar innom prosjektet, til no har vi hatt 35 unike som har tatt del i prosjektet, vi har 10-15 brukarar aktive per månad og 60 oppmøte, fortalte avdelingsleiar ved Vartun, Arve Frostad.

Både dei som bur ved Vartun og brukarar som er LAR-pasientar eller ROP-pasientar er velkomne til å delta i alt frå pleie av hest til vedlikehald av friluftsområde, fotballtrening, fisketurar og tømraroppdrag.

Livreddande fjellturar

Etter at einingsleiar Eva-Mari Solberg frå Os kommune hadde ønskt velkomen var det servering og laus prat rundt borda. Så tok Emil ordet.

Emil, som var med som brukar frå start, er no tilsett på deltid i Os kommune for å jobba med prosjektet saman med dei andre tilsette ved Vartun.

Både Emil og Arve, som heldt avsluttande ord etter omvising, fortel om ei rekkje positive effektar av å fylla dagane med noko så meiningsfylt som arbeid;

• Mindre bruk av rus
• Brukarane er rusfrie over lengre periodar
• Om dei sprekk så kjem dei raskare tilbake på rett spor
• Betre miljø i bufellesskapen, færre konfliktar og nattevaktar som opplever langt rolegare netter (brukaran søv godt etter ein dag på tur, trening eller i arbeid).

Emil las òg ein epost frå ein av dei andre deltakarane på aktivitetane, ei jente som fortel om korleis ho opplever at prosjektet «Livskvalitet» har redda livet hennar, om meistringsfølelese og om det å ha ein god grunn til å vera opplagt frå dag til dag.

«Eg hadde ikkje gått ein einaste fjelltur før eg blei del av dette prosjektet» fortalde ho i eposten.

Politisk passiv serverte vanskeleg spørsmål

På omvisinga fekk Høie med følgje, der også Eirik André Hesthamar (Frp) frå tenesteutvalet fekk vera med kollegaene frå Os Høyre, sjå den nyinnreia verkstaden til Vartun.

Frå å vera ein plass der folk samla skrot og ting dei ville prøva å reparera har garasjen blitt ein verkstad og produksjonsrom for Livskvalitet-deltakarane.

– Til no i år har vi omsett for 85.000 kroner i benkar, blomekassar og anna som vi lager her. Vi har investert i verktøy og vi har vore heldige og blitt sponsa med fine summar frå fleire firma i Os, fortel Frostad.

På spørsmål frå Anne Marie Aarøen Vangsnes frå Os & Fusaposten, om nokre av brukarane som i dag fekk besøk av statsråden, ville stemma med valet, fekk ho to svar.

Han eine hadde allereie stemt, han andre, ein manni 40-åra, har aldri stemt ved politiske val. Han hadde likevel ei meining om eitt og anna, og stilte eit godt spørsmål til Høie.

– Kven er det som har vedtatt endringane som no råkar dei som er uføre, som både mister bustøtte og må betala skatt? Mange sit no med svært få kroner igjen, med mindre dei får hjelp av nokon i familien så har dei knapt råd til å gå og sjå ein Brann-kamp.

Solberg stadfesta at dei nye reglane skapte utfordringar for fleire uføre.

– Det var dei raudgrøne som kom med forslaget, men det var vi borgarlege som vedtok den endringa. Tanken var at det skulle bli lettare og meir lønsamt for uføre som ville jobba nokre prosent, utan å mista trygda, men vi jobbar no med å skapa betre økonomiske vilkår for dei som får støtte til bustad.

Frostad la til at dei ved Vartun har fått ned husleiga.

Del av budsjettet også i framtida?

Os kommune søkte om og fekk støtte til å starta prosjektet Livskvalitet. Men Livskvalitet er, som prosjekt ofte er, drive på prosjektmidlar, ikkje faste tilskot.

– Staten har heldigvis gått over til å gje støtte over fire år, men med høgare sum første år enn seinare, med håp om at tiltak skal bli ein integrert del av kommunen sitt budsjett.

Både Solberg og kommunaldirektør Line Rye sit med inntrykk av at prosjektet gir fleire og svært gode resultat.

– Her er mykje god rusomsorg per krone. Noko av det kan målast, men her ligg òg fleire svært positive samfunnsøkonomiske konsekvensar, seier Rye.

Høie fortalde om auka tilskot frå dei borgarlege partia til kommunane, med ekstra fokus på rusomsorg.

– Vi høyrer òg om tilsvarande effekt frå liknande prosjekt andre stadar i landet, seier statsråden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.