Politi | 05. feb. 2022

– Det har snødd meir enn det ser ut som

Glatte vegar har ført til minst to uhell i Os.

– Det har snødd meir enn det ser ut som
Ulvenvegen og Ulvensletta i 09.30-tida i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. feb. 2022 09:13

Fredag kveld var det regn og sludd i Os, laurdag morgon var det eit tynt snødekke dei fleste stadar, men likevel vanskelege køyreforhold.

Klokka 06.18 gjekk ein bil i autovernet på Hetleflåten.

Bilførar, ei kvinne i 20-åra, var åleine i bilen og uskadd.

Litt lengre ut på morgonen køyrde ein bil inn i ein fortauskant på veg ut av rundkøyringa ved Prestegardsskogen, retning Os.

Politiet åtvarar om glatte vegar.

Ifølgje brøytemannskap Midtsiden har snakka med, var det fleire snøbyger etter midnatt, og fleire tette snøbyger frå klokka 03.

– Det veksla mellom snø, sludd og regn, og så blei det kaldt på morgonen.

Snø som låg tjukt blei smelta av regn mens det blei brøytt vekk. Så kom nye byger.

– Det ser kanskje ikkje ut som om det har snødd så mykje i natt, men vi er no på tredje runde med brøyting fleire stadar.

Også tysdag morgon 1. februar var det snø g trøbbel i trafikken. Då var det to frontkollisjonar på Nore Neset og ein trailer som køyrde seg fast i Lysefjorden.

17. januar var det klink is fleire stadar, ein buss som køyrde utfor og hamna på tvers i Mobergsbakken og ein lang perioden med kø på Hatvikvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.