Krim | 17. jan. 2025

– Det hastar med å få Vadim tilbake til Norge

Politikarar reagerer på utvisinga. – Det er dessutan ein risiko for at han er i fare.

– Det hastar med å få Vadim tilbake til Norge
F.v.: Tommy Dahle, Terje Søviknes, Trine Lindborg og utviste Vadim. Foto: privat og Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. jan. 2025 18:22

Kortutgåve:

  • Vadim Jevtuhovs, ein latvisk mann busett i Noreg i 15 år, har blitt utvist trass i å ha jobba og betalt skatt heile perioden.
  • Årsaka til at opphaldsløyve er tema, når Latvia er medlem av blant anna EU, EØS og Schengen, er at Vadmin har russiske foreldre og sjølv er russisktalande. Han er dermed ikkje fullverdig statsborgar i Latvia, og har for eksempel ikkje stemmerett i heimlandet.
  • I Norge blir han sett på som statslaus.
  • Vadim gifta seg med Linn Beate Riley frå Os i 2022. Dei fekk ein son saman i mai 2024, og dei ventar i august sitt andre barn.
  • UDI har vedtatt utvising og innreiseforbod i to år. Årsaka er at han har opphalde seg i Norge mens han har søkt om forlenga opphald. Ifølgje han sjølv er dette i tråd med råd frå politiet.
  • Måndag 13. januar reiste han frå Flesland til Riga. Familien går no ei usikker framtid imøte.

Kortutgåva er laga med kunstig intelligens og kvalitetssikra av Midtsiden-redaksjonen.

Laurdag blei vi gjort kjent med utvising av Vladislavs «Vadim» Jevtuhovs, ein mann frå Latvia.

Søndag intervjua vi kona, Linn Beate Jevtuhova Riley frå Os. Måndag morgon måtte han setja seg på flyet frå Flesland til Riga.

Det har kome ei rekkje reaksjonar på vedtaket, både i kommentarfelt og på telefon til redaksjonen.

Vi har òg invitert ordførar Terje Søviknes til å uttala seg.

– Når eg les saka til Vadim og Linn Beate i Midtsiden er det ikkje vanskeleg å forstå deira frustrasjon. Som familie har dei hamna i ein fortvila situasjon, basert på eit svært komplisert regelverk, seier Søviknes.

– Det er alltid krevjande å kommentera einskildsaker frå sidelina, men slik eg les saksgangen må dei no setja si lit til klagehandsaminga i UNE. Eg håper difor at dei får god juridisk rådgjeving, og at saka kan finna si løysing til det beste for familien og, ikkje minst, barna.

– Skulle aldri ha sett seg på flyet!

Første melding til Midtsiden-redaksjonen om saka kom allereie natt til måndag.

– Dette er alvorleg brot på menneskerettane. Mobilisering av politikarar og organisasjonar må til for å finna ei rettvis avgjerd, skriv Tommy Dahle.

Han er styremedlem i Nidaros sosialdemokratiske forum, eit lokallag av Ap i Trondheim (leia av Trond Giske). Dahle er i familie med Linn Beate via felles slekt, og fekk med seg saka då ho delte den på Facebook.

Tysdag utdjupa han i intervju med Midtsiden.

– UDI foreslår at Linn Beate skal flytta til Latvia for at sonen skal kunna vera med begge foreldra. Eg meiner det er grovt brot på menneskerettane, som er forankra i både norsk lov og internasjonale konvensjonar, som FNs barnekonvensjon og Den europeiske menneskerettighetskonvensjonen.

– Eg ringte Linn Beate på kvelden søndag, med det same saka kom ut, og sa at Vadim ikkje måtte setja seg på flyet.

Tommy Dahle er styremedlem i Nidaros sosialdemokratiske forum (lokallag av Ap, leia av Trond Giske). Foto: privat
Tommy Dahle er styremedlem i Nidaros sosialdemokratiske forum (lokallag av Ap, leia av Trond Giske). Foto: privat

Dahle fryktar at Vadim, som statslaus, russisktalende og med russiske foreldre, vil møta diskriminering i Latvia – og at det er risiko for at han blir pressa vidare til Russland.

– Det er ein reell fare for at dette kan skje. Det betyr i praksis at det er ein risiko for at han, ufrivillig, kan bli tvungen i krig mot Ukraina. Denne risikoen kan ikkje ignorerast av styresmaktene når det er krig i Europa.

– Det er ufatteleg at Norge sender ein etablert familiemann, og med denne overhengande risikoen, ut av landet – og det hastar å få han tilbake!

Dahle seier at dette er en sak som haster og han vil hjelpa familien i prosessen med å få ulike aktører til å hjelpa med klagesak og retur.

– Kan Latvia oppføra seg sånn?

Regjeringspartiet Ap hadde førre ordførar i Bjørnafjorden, Trine Lindborg.

Kan ho jobba for ein utvist innbyggar og ein einsam familie som sit igjen i paret sin bustad på Lekven?

– Vi må prøva å påverka og belysa slike saker der vi kan. Denne saka verkar jo svært spesiell, og min første personlege tanke er jo at dette er ein Schengen-borgar, og at det verkar heilt urimeleg.

– Vi som medmenneske må heller aldri slutta å bry oss. Eg kjenner på sterk sympati for denne familien som har hamna i ein slik situasjon. Vi kan jo alle sjølv tenka oss korleis det må vera.

– No har ikkje eg sett dokumenta i saka, og må ta forbehold om at alle papira elles er ok, men slik eg les den på Midtsiden ser situasjonen heilt absurd ut! Viss det er sånn at Latvia, som medlem av blant anna EU og Schengen, kan forskjellsbehandla innbyggarane sine på denne måten, blir eg òg overraska.

– Det får meg til å spørja, gjeld dette fleire av dei vi i Norge har frå Latvia, fødde før 1991?

– Ser ut til å bryta med menneskerettane

– Eg har mest erfaring med saker frå utanfor Schengen, inn til Schengen, men på bakgrunn av menneskerettane ser dette vedtaket uhøyrd ut, seier Kjosaas.

– Uavhengig av om Vadim skulle vore ute av landet mens han søkte om nye løyve for nokre år sidan, skulle vi tru at menneskerettane vog tyngre. Han har jobba og skatta, og no er han gift og har stifta familie her.

FNs konvensjon om barns rettar seier blant anna at: «Barnet skal ikkje skiljast frå foreldra sine mot eigen vilje, unnteke når dette er nødvendig av omsyn til kva som gagnar barnet best».

– Når det kjem til familiegjenforeining er det dessutan sånn at UDI skal handla til beste for den norske delen av familien.

Linda Kjosaas, her i kommunestyret i 2022. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Linda Kjosaas, her i kommunestyret i 2022. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

– Å senda russisktalande Vadim til Latvia, når han i utgangspunktet har fast arbeid og 15 år bak seg i Norge, og å foreslå at kona og sonen følgjer etter, er neppe det beste for den norske delen av familien.

Kjosaas seier at saka ser ut til å kunna vera aktuell for Den europeiske menneskerettsdomstolen.

– Som politikar er det nok begrenssa kva eg kan hjelpa med, men eg kan blant anna anbefala familien å kontakta Noas. I tillegg kan det å starta ei underskriftskampanje hjelpa på. Éin ting åleine er gjerne ikkje nok, men eg vil tru at alt hjelper, seier Kjosaas.

Skjelven avskjed på Flesland

Sjølv fortel Linn Beate om eit trist og rart farvel på Flesland måndag.

– Det var heilt surrealistisk å følgja han til flyplassen. Eg blei ståande å skjelva, fortel Linn Beate.

– Korleis var reisa?

– Han kom seg inn i Latvia og har sjekka inn på eit billig hotell i Riga.

– Men sjølve utreisa var nok eit eksempel på misvisande tilbakemeldingar frå politiet.

Linn Beate fortel at paret sendte epost til politiet for å spørja kva rutinar som var på utreise måndag, om Vadim skulle visa seg for politiet.

– Vi fekk skriftleg svar måndag morgon at han ikkje trengte å foreta seg noko ovanfor politiet ved utreise.

Midtsiden har sett eposten. Politiet skriv at «systemet er lagt opp til at vedtakene overholdes. Med andre ord ingenting han/dere trenger å gjøre i dag».

– Så, dagen etter at Vadim var landa i Riga, ringte politiet og spurde kvar han var. Dei sa han skulle meldt seg for politiet ved utreise, og spurde om han kunne bevisa at han var i Riga.

– Eg ringte politiet og sa at det er jo akkurat grunna slike misvisande beskjedar at vi har hamna i denne utruleg triste situasjonen!

– Dette med misvisande muntleg informasjon frå førstelinja, altså politiet når han har spurd om råd, går igjen bakover i tid. UDI skriv i avslaget at det er beklageleg, men har likevel lagt til desse åra med jobbing, mens han har venta på svar, som ulovleg opphald.

Har det tungt etter ankomst

Vadim har etter ankomst Riga besøkt den eine broren, som er veldig sjuk, og nyleg har gått gjennom ein operasjon.

Den andre broren har flytta til ein annan stad i Latvia. Mora er død og faren bur i Russland.

– Vi har kontakt med Vadim over telefon. Matteo (sonen) lyser opp når han ser pappa på facetime!

– Men Vadim har det ikkje godt no, han synest det er vanskeleg å ikkje vera her for oss.

Paret jobbar med å få omgjort vedtaket, og har blant anna kontakta Noas og Antirasistisk Senter.

– Det er grenser for kva pengar eg har til advokatar og ankesaker, eg håper nokon av desse kan hjelpa.

– Om latviske styresmakter forlanger språktest, korleis vil han klara seg?

– Dårleg. Han snakkar betre norsk enn latvisk.

– Tommy Dahle råda mot å setja seg på flyet måndag, vurderte de å ikkje reisa?

– Nei. Han har prøvd å gjera alt han har fått beskjed om til no, og våga ikkje bevisst å bryta loven. Han vil heller anka, gjera alt skikkeleg. Men etter at eg snakka med Tommy så fryktar vi at han kan bli utvist til Russland.

Historikk og språktestar

  • I ei folkeavstemming i 2012 sa heile 75 prosent, ifølgje VG, nei til å innføra russisk som Latvia sitt andre offisielle språk.
  • «Nasjonalisme og frykt for russisk innflytelse har gjort språkspørsmålet så betent i Latvia at 195.000 innbyggere fortsatt står uten stemmerett, skreiv Le Monde (lmd.no) i desember 2021.
  • «Hvis de ikke består en test i latvisk i løpet av året, kan de bli utvist fra landet, bekrefter Latvias innenriksdepartement, skreiv NRK i mai 2023. Språkkravet gjeld rett nok ei mindre gruppe på rundt 20.000 menneske som er russiske statsborgarar.
  • I 2023 fikk den etniske russeren Inessa Novikova beskjed om å lære seg latvisk. Hvis ikke ville hun bli sendt ut av Latvia. «Jeg følte meg fysisk syk da den nye politikken ble gjort kjent», forteller hun til det britiske magasinet The Spectator i mars 2024, skriv Aftenposten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.