Kultur | 17. sep. 2009

Det siste slaget

Olve «Abbath» Eikemo og Immortal er klar med første album etter comebacket i 2007. I september kjem «All Shall Fall».

Det siste slaget
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. sep. 2009 08:29

Bildeserie:

1 av 6

Fans frå alle verdas hjørne (og mørke krokar) gledde seg over Immortal sitt comeback i 2007. I september kjem Olve «Abbath» Eikemo og resten av dei udødelege demonane med albumet «All Shall Fall».

Etter sju album og ei lang rekke store spelejobbar rundt i verda tok bandet pause i 2003. Tre år etter var dei tilbake, og no har dei vore gjennom ein vellukka konsertsommar i Europa.

− Vi har veldig ihuga fans og mange av dei var på plass framfor scenen. «Brutal Assault» i Tsjekkia var som vanleg fantastisk. Og så spelte vi i Sverige for første gong, på festivalen «Sweden Rock», fortel Olve, og viser omslaget på programheftet, ser dei viktigaste artistane er teikna inn. «Abbath» i selskap med Twisted Sisters Motorhead, ZZ Top og originale Black Sabbath-medlemmar.

Hysteri
Medan klassekameratane ville blir brannmann eller politi hadde unge Olve ein draum om å bli som Gene Simmons. Han er på god veg.

På festivalar ruslar han backstage med gamle heltar som Kiss, Iron Maiden, Venom og Judas Priest. På scenen spelar Immortal ofte for fleire tusen publikummarar.

− Kva er det største publikummet de har spelt for?

− Det hender at det er mellom 10.000 og 25.000 på konsertane våre, rekorden er nok 70.000 under Wacken-festivalen i Tyskland i 2007.

− Med så stort publikum blir det kanskje nokre spesielle opplevingar før og etter konsert?

− Vi plar sminka oss på hotellet før vi dreg til backstageområdet, og treff få fans på veg til og frå. Men under platesignering blir det av og til litt vilt. På eit kjøpesenter i Chile måtte vi lura oss ut bakvegen, og der sto det fullt av politi for å skjerma oss inn i bilen. Så bar det i veg med to mc-politi framfor bilen og to bak i eskorte.

Skapte si eiga verd
Olve og Harald «Demonaz» Nævdal er kjerna i Immortal, men senebetennelse sette ein stoppar for det raske gitarspelet til «Demonaz». Han har heldt fram som tekstforfattar, og blir framleis sett på som ein viktig del av bandet.

− Det er godt å vera tilbake. Med «obersten» som ny manager, bra crew og «Demonaz» med på konsertane er vi der vi skal vera, seier «Abbath».

Svartmetall og sminke, okkulte kallenamn og tekstar om demonar i den kalde og brutale verda «Blashyrkh». Har dette med religion å gjera?

− Det er 19 år sidan eg og Harald byrja å samarbeida. Vi blei raskt einige om å skapa ein eigen visjon rundt det vi heldt på med, der vi i bandet var demonar i ei iskald verd full av krig og kaos.

− Vi heng oss ikkje opp i religion og politikk, vi følgjer vår eigen sti. Slik folk har det i dag, der verda renn over av informasjon og fakta, trur eg mange treng stunder der dei får ei flukt frå kvardagen. Immortal vil skapa ei spesiell stemning, vår verd er ein del av opplevinga for publikum. Dette held vi framleis på med, og eg trur fansen også set pris på denne fantasireisa vi tar dei med på.

Det skumle, fantasifulle og overnaturlege finn vi i alt frå Conan-blader og bøker til musikkvideoar og gamle filmar. Men i starten av 90-talet var blackmetal, sminke og langt, svart hår, tabu.

− Vi lét folk tru kva dei ville, og heldt fram i same stil. Så lenge du trur på deg sjølv og det du held på med så er det berre eit tidsspørsmål før andre er med på notane.

Album nr 8
Frå 1992 til 2002 gav Immortal ut sju album. Dei første platene blei gjeve ut på eit fransk undergrunnsselskap, men sidan 2000 har Immortal hatt avtale med eit tysk plateselskap. I 2003 tok bandet pause på ubestemt tid, men allereie i 2006 var det comeback, og no er dei klare med album nummer åtte.

− Det er strid og kaos, ei apokalyptisk konsept som handlar om det siste slaget, the ultimate battle, fortel Abbath om tittelsporet «All Shall Fall».

Så følgjer den meir marsjerande «Rise of Darkness» før intense, men episke «Norden on Fire» tar tak i innvolane dine. Så held albumet fram ut i svarte natta med ytterlager fire låtar.

− Plata blir lansert i Europa 25. september og i USA 6. oktober. Planane for sleppefest er førebels ikkje ferdige, men det blir kanskje ein turné, om det rette tilbodet dukkar opp. Festivalar fungerer veldig godt for oss, og vi har avtalar for fleire festivalar neste sommar. Men eg håpar vi får oss ein turné, ein langtur i buss – livet i ein nightliner er noko for seg, seier Olve «Abbath» Eikemo.

Immortal-medlemmane:
Olve «Abbath» Eikemo (Vokal og gitar)
Harald «Demonaz» Nævdal (tekstforfattar)
Reidar «Horgh» Horghagen ( trommer)
Ole Jørgen «Apollyon» Moe (bass)
Manager: Håkon «obersten» Grav
www.immortalofficial.com




Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.