Jakt, fiske og natur | 20. nov. 2023

– Det var perlesnormaneter rundt heile båten

Dødelig for fisk - smertefullt for vinterbadarar.

– Det var perlesnormaneter rundt heile båten
Dette bildet blei tatt i Bjørnafjorden utanfor Ferstad i dag. (Foto: tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. nov. 2023 19:18

Ein fiskar som var ute og drog teiner, oppdaga i dag fleire eksemplar av ein framand, uønskt art; perlesnormanet.

– Eg har lese litt om desse den siste tida, og venta på det. Men dette er første gong eg ser dei på desse fem-seks åra eg har drive med teinefiske, fortel hobbyfiskaren.

Observasjonen blei gjort utanfor Ferstad.

– Det var ikkje berre eit par stykk, dei var rundt heile båten.

– Dei siste tre åra ser det ut til å ha vore mykje av perlesnormaneten langs norskekysten. Det har vore ein tendens til ei auke om hausten, sa havforskar Tone Falkenhaug til hi.no i starten på november.

Perlesnormanet om bord i båt, her i Sogn. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Perlesnormanet om bord i båt, her i Sogn. (Foto: Susann Haukeland Børnes)

Arten (Apolemia uvaria) er utbreidd i Stillehavet, Middelhavet og Atlanterhavet. Den har truleg kome her med havstraumane.

Maneta kan førekome i heile vassøyla, frå havskorpa ned til djupne på 1000 meter.

Desse bilda er tatt utanfor Ferstad i dag. (Foto: tips@midtsiden.no)
Desse bilda er tatt utanfor Ferstad i dag. (Foto: tips@midtsiden.no)

Perlesnormanet er ein kolonimanet som kan bli opptil 30 meter lang. Han er samansett av mange små individ som har kvar si oppgåve, som saman dannar ein koloni.

Nokre individ står for formeiringa, andre symjer og «styrer skuta», og nokre er «jegarar» som sørgjer for at alle får mat.

Den kan òg splitta seg opp, og soleis koma seg inn i oppdrettsmerd.

Neslegifta kan vera skadeleg for fisk. I 1997 tok perlesnormanet livet av 12 tonn laks, i 2001 døydde 600 tonn oppdrettsfisk.

Den kan òg vera smertefull for menneske.

– Eg prøvde å ta på ei for to år sidan. Det var ikkje som ei brennmanet, meir som fjesing, men dunkande smerte i 24 timar, sa dykkar Rudolf Svensen til NRK fredag.

(Foto: Susann Haukeland Børnes)
(Foto: Susann Haukeland Børnes)

Havforskningsinstituttet ber alle som ser perlesnormanet registrera dei på dugnadforhavet.no.

Dei siste tre vekene er det registrert fem funn utanom dagens observasjon.

Dei fem er utanfor Nordstrøno, i Lepsøyosen, Kobbavågen og Vargavågen.

Dagens observasjon er òg registrert, men foreløpig ikkje synleg i kartet på dugnadforhavet.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.