Lokal | 18. juli 2018

Dette lurer turistane på

Over 100 turistar frå 12 nasjonar har besøkt turistinformasjonen på kaien i juli aleine.

Dette lurer turistane på
Hans Parnefält i Os Travel hadde 101 turistar innom i lokala på kaien berre i juni (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 18. juli 2018 07:08

Hans Parnefält sitt firma Os Travel har tatt på seg oppgåva å vera turistinformasjon for kommunen frå det vesle kontoret i Os hamn i sommar.

Tidlegare tysdag fortalte næringssjef Daniel Skotheim at besøket i hamna og på bubilparkeringa allereie er dobbelt så stor som det var i fjor.

Meir enn dobla besøk i hamna

– Det har vore ganske mange innom her så langt i sommar. Eg har fått hjelp av dottera mi til å føra litt statistikk, og til å systematisera kva gjestane lurer på.

– Vi har tala for juli klare, og dei viser at vi hadde 101 besøkande innom så langt. Desse kom frå tolv forskjellige nasjonar, fortel Parnefält når Midtsiden snakkar med han tysdag ettermiddag. Fram til 30. juni var talet 132, men statistikken er ikkje like nøyaktig som i juli.

Mykje spørsmål om transport

Frå statistikken ser Parnefält at mykje av tida går med på å fortelja turistane korleis koma seg att og fram.

– Om lag 33 prosent av spørsmåla i juni gjekk på transport. Korleis koma seg rundt i Os, eller korleis koma seg til og frå til Bergen.

– Eg er no i ferd med å samla informasjon frå forskjellige kjelder, slik at eg enklare kan gje dei forslag til ein dagstur med busstider og liknande.

– Det har òg vore ein del som lurer på kor ein kan gå på fjelltur, eller om det er mogleg å koma seg på sjøen. Sjølvsagt er det ein del som spør om Lysøen også.

Populære Rosendal

Sjølv om det blir mest informasjon, så sel Parnefält også billettar.

– Båten til Rosendal er veldig populær. Vi sel billettar til både denne og til Norled sin båt, som går inn til Norheimsund og Eidfjord. Dette er typiske sommarprodukt, fortel Parnefält.

Vil ha osingane med

Turistgründaren har også opplevd ei auke av osingar som tar kontakt for å undersøke moglegheiten for ulike formar for samarbeid.

– Det er jo det som er det langsiktige målet. I dag hadde eg ein innom som tilbaud sine tenester. I førre veke var det ein innom som hadde ei leilegheit å leiga ut til turistar i sentrum.

– Er det fleire som går svangre med tilsvarande, eller til dømes ein fiskebåt dei vil ta med folk ut i, så er det berre å ta kontakt, avsluttar Hans Parnefält.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.