Dirigering, straumbrot og ny vasslekkasje
Mange fekk vatnet raskt tilbake, andre kan førebu seg på ei natt og ein måndag utan vatn.
Søndag i 9-tida blei det oppdaga brot i ein vassleidning langs Hatvikvegen ved Hamnevegen, nær Vinmonopolet i Irisgården.
– Eg fekk over 100 telefonar frå bustadar som var utan vatn då vi kopla av, men etterkvart kunne vi isolera det til Hamnevegen, fortel teknisk vakt Dag Søfteland.
Kokevarsel og straumbrot
Bustadane på Lurane, Haugsneset og Steinneset skal ha fått vatnet tilbake etter eit par timar, mens Hamnevegen fekk vatnet påkopla no i kveld.
– Det er sendt ut kokevarsel til dei som bur i Hamnevegen. Det var eit stort brot og var noko tilsig. Røret er reinsa, men inntil vi får positivt svar på analyse av drikkevatnet, noko som tidlegast skjer på dagen måndag, må folk koka drikkevatnet.
I same område har det vore straumbrot i nokre timar i dag. Det var først spørsmål om dette kom i samband med gravinga etter vasslekkasjen, men det ser ikkje ut til å vera anna enn eit tilfeldig samatreff.
Ny vasslekkasje
Det var manuell dirigering på Hatvikvegen ved Hamnevegen fram til i 20.30-tida søndag.
Då vatnet blei skrudd på etter reparasjonen skal asfalten utanfor Os Eldresenter ha bølgja seg opp.
– No ser det ut som om vi har nok eit brot, og det er fare for at vi må stenga av og grava også her, seier ein av Bergen Vann sine representantar på staden.