Motor | 04. juli 2021

Dobbel Tøsdal: Far gjorde comeback - sonen sette banerekord på Rudskogen

Trond Tøsdal fekk ein god start på sesongen, pappa Frank gjorde comeback og vann.

Dobbel Tøsdal: Far gjorde comeback - sonen sette banerekord på Rudskogen
Humor og låge skuldre er noko av det som kjenneteikner Trond og pappa Frank Tøsdal. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. juli 2021 08:18

Første NM-runde i roadracing har blitt utsett to gongar. Førre helg var det endeleg sesongstart.

Trond Tøsdal (17) frå Os har gått opp frå klassen juniorsport 300 til supersport 300 - som opnar for raskare syklar og tøffare konkurranse.

Men Trond var suveren i treningsrundane fredagen, der han vann 3 av 4. Laurdagen heldt han likevel på å øydelegga for seg sjølv.

Trond vann 3 av 4 treningsrundar fredag. Laurdagen heldt det på å gå gale. (Foto: Jørn Pettersen)
Trond vann 3 av 4 treningsrundar fredag. Laurdagen heldt det på å gå gale. (Foto: Jørn Pettersen)

– Eg tenkte dette skulle bli ein lek, suste ut frå start og krasja i første runde, fortel han og ler.

Tida var likevel god nok til at han fekk tredje spor frå start. Tøsdal køyrde seg opp til 2. plass, bak Mia Rusthen.

Søndagen gjekk det betre. Han hadde andre startspor og plan om å stikka frå start. Fullt så enkelt blei det ikkje denne gong heller.

– Nivået har heva seg veldig, så det blei mykje kniving i tet. Men i siste runde gjorde dei andre nokre feil. Eg passerte to køyrarar i dei tre siste svingane og stakk av med sigeren.

Tida han kom i mål på, 1.35,350, er ny banerekord på Rudskogen i denne klassen.

Søndagen blei det 1. plass og banerekord på Rudskogen. (Privat foto)
Søndagen blei det 1. plass og banerekord på Rudskogen. (Privat foto)

Frank hamna på NRK

Frank Tøsdal, som i ei årrekkje har arrangert turar til Rudskogen og Mo i Rana for å halda kurs på bane, køyrde sjølv aktivt i rekruteringsklassen super B i 2005 og i superbike i 2006.

– No når eg likevel er med Trond på løp, fann eg ut at eg like gjerne kan delta sjølv, seier Frank.

Han kjøpte ny sykkel og meldte seg på i noregscup for superbike 1000.

– Dei beste køyrarane deltar i NM-rundane, ikkje noregscup, men då det var nokre opne plassar i NM-runden, og arrangørane ville fylla desse sidan NRK sendte direkte, fekk eg vera med der òg.

05:52 ut i sendinga på NRK ser du Frank veiva med armane på startstreken. Med startnummer 32 (grøn sykkel, kvit hjelm, ser du han kanskje også i løpet).

I NM-runden blei det siger til Ole Bjørn Plassen og 12. plass av 24 startande på Frank Tøsdal.

Frank gjorde comeback 15 år etter - og stakk av med sigeren i superbike 1000. (Foto: Jørn Pettersen)
Frank gjorde comeback 15 år etter - og stakk av med sigeren i superbike 1000. (Foto: Jørn Pettersen)

I noregscupen gjekk det betre. Der møtte han tidlegare konkurrentar, som kameraten Arne Viken frå Askøy, som han arrangerer banekursa (Baneviken) med, og ein annan som han har kniva mykje med før.

– Arne slo meg sist vi hadde ein intern konkurranse, så det viktigaste var å legga han bak meg. Han andre skubba eg litt i på startstreken, og viste finger til mens vi låg i 240 km/t, berre for å få opp stemninga litt, fortel Frank.

Dermed blei sigeren ekstra god å nyta. Marius Naume hamna på 2. plass, Arne Viken på 3. plass.

Alle resultatlistene ser du på speedhive.mylaps.com

– Hjelper konkurrentane opp i fart

Frank er imponert og stolt over sonen Trond si utvikling det siste året.

– Han er veldig lærevillig og treningsvillig. Han køyrde sinnsjukt bra i helga, ikkje minst då han sette banerekord!

Sjølv om Frank fyrer opp stemninga på banen, liker han å vera hjelpsam utanfor banen.

– Det skal lite til av tekniske utfordringar for at helga blir ufortent øydelagt. Vi prøver å vera hjelpsame og rause med kvarandre, men eg synest Trond har tatt dette til eit nytt nivå.

Tips og triks som faren kviskrar han i øyret, og som han finn ut sjølv, deler han nemleg direkte vidare med konkurrentane på trening.

– Mens vi gamlekara gjerne held strategien for oss sjølv, seier Trond at han vil ha skarpast mogleg konkurranse, derfor deler han alt han veit. Det er jo ein raus tanke, og truleg eit bidrag til både nivåheving på norsk roadracing og haldningane til neste generasjon. Eg får mange fine tilbakemeldingar frå andre i miljøet på framferda hans, og det varmar.

Neste NM-runde går på Arctic Circle Raceway i Mo i Rana andre helga i august.

Veka etter skal Trond og Arne med Baneviken ha årets samling og kurs for rundt 65 MC-førarar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.