Død person funnen i leiteaksjon
Politiet stadfestar funn av død person i samband med søk etter sakna.


Ein person er funnen i leiteaksjon på Gåssand etter mann som blei meldt sakna onsdag.
– Funnet blei gjort rundt klokka 14.50, seier Helge Blindheim, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Midtsiden.
Personen som er funnen er foreløpig ikkje identifisert, men familien til den sakna 27-åringen som er sakna er varsla om funnet.
– Avdøde er sendt til Gades på Haukeland for obduksjon. Det er framleis ikkje mistanke om at vedkomande er utsett for noko straffbart, seier Blindheim.
Funnet blei gjort i terreng, i nærleiken av Ytste Raudlivatnet.
– Det har vore ein omfattande leiteaksjon med godt samarbeid og bistand frå frivillige organisasjonar som Røde Kors, Norges Redningshunder, Norsk Folkehjelp, redningshelikoptertjenesten, Norsk Radio Relæ Liga.
– Også tenestepliktige fra Sivilforsvaret og Heimevernet har deltatt. Politiet og pårørande ønsker å takka for formidabel innsats under til tider utfordrende topografi og søksforhold, uttaler Blindheim.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.