Politi | 18. nov. 2023

Hadde ein mannskap på 130 ute i felten

Stort søkemannskap i sving gjennom laurdagen.

Hadde ein mannskap på 130 ute i felten
Innsatsleiar Christine Grindstein. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. nov. 2023 16:25

Søket etter Vladislav Kuzmich (27) blei utvida med HV-09 frå Heimevernet natt til laurdag.

Klokka 08 i dag var 100 personar på veg ut for finsøk i terrenget rundt heimen til sakna.

HV-09 fekk melding klokka 03 i natt med spørsmål om å stilla i Kolskogen klokka 08. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògInnsatsstyrke frå Heimevernet kalla ut i natt

– Vi har framleis ikkje gjort noko funn, men har no 130 personar, i tillegg til drone og hundar, ute på søk, sa innsatsleiar Christine Grindstein til Midtsiden i 14.30-tida i dag.

– Dei fleste teigane i det aktuelle området er gjennomførte, men det står nokre teigar igjen, og delar av terrenget er bratt og krevjande, la ho til.

Det skal i ettermiddag bli tatt stilling til kva aktivitetsnivå søkemannskapen skal ha utover kveld og natt.

Kuzmich blei meldt sakna onsdag i 19-tida.

Etter tips og etterforsking starta søk etter sakna torsdag i 23-tida. Både fredag og natt til laurdag har leiteaksjonen blitt trappa opp.

Sist nokon hadde kontakt med han var tysdag morgon. Etterforsking, inkludert avhøyr av folk som kjenner sakna, skal saman med observasjonar som kan vera av sakna som gjekk på tur frå Sælehaugen mot Gåssand, ha vore utløysande for aksjonen.

Politiet har frå start sagt at dei ikkje mistenker at sakna er utsett for noko straffbart.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.