Lokal | 12. nov. 2015

Dramatisk ulykke i hesteløypa

To turgåarar med paraply sendte to kuskar i grøfta og skremte hestane i vill galopp gjennom løypa og ut i skogen.

Dramatisk ulykke i hesteløypa
Innfelt; skadene på Lisbeth sin hest og vogn. Bakgrunnsbilde er arkivfoto/ill. foto frå opninga av Knutabruo, som har skapt auka trafikk av fotgjengarar i treningsløypa til hestane. (Foto: privat/kvb)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. nov. 2015 09:59

To kvinner som trente med kvar si vogn i hesteløypa onsdag blei mørbanka då hestane blei skremt og kasta begge kuskane ut av vogna.

– Det verste er skadene på utstyr og hest. Vogna er rammeskeiv og den eine hesten, som skulle vore i løp om ei veke, kan berre gløyma å stilla.

– Det er fleire månadar med trening rett i dass, seier eigar Lisbeth Moberg.

Ho er samtidig glad for at det ikkje gjekk endå verre.

– Hadde det vore ein barnehage på tur, ein skuleklasse i intervalltrening, ein joggar med musikk på øyrene eller ein person med barnevogn så kunne det gått mykje verre. Dei ville truleg ikkje hatt sjanse å koma seg unna ein hest som har tatt ut på denne måten, med vogn etter seg.

Dramatiske minutt

Ulykka skjedde i 12.30-tida. Lisbeth var saman med Therese Halhjem og trente hestane i løypa til Os Travklubb.

– Vi møtte to eldre personar som gjekk tur med paraply. Då vi skulle passera dei så prøvde vi å forklara at hestar ofte ikkje er så glade i paraplyar. «Men vi står heilt i ro», svarte dei.

Det gjekk bra på første runde, men då hestane kom over ein bakketopp og møtte dei to paraplydamene igjen, då gjekk det gale.

– Hesten min bråsnudde og krasja i Therese sin hest. Vi blei begge slengt ut av vognene og såg hestane springa i full galopp i kvar sin retning.

Funnen fastklemt i skogen - etter 20 minutt

Å bli kasta ut av vogna var ikkje enden på visa for dei to kuskane.

Dei måtte opp og stå og byrja jakta på hestane sine.

– Lisbeth sin hest hadde løpt av seg både vogn og seletøy, vi forstår ikkje korleis han har fått det til.

– Vi brukte 20 minutt før vi fann min hest, som hadde gått til skogs og på merkeleg vis fått vogna opp i eit tre. Hesten sto klemt mellom to tre, delvis hengande etter vogna.

– Turgåarar manglar kunnskap og forståing

Lisbeth er lettare rysta etter ulykka, men ho er ikkje overraska.

– Sjølv om det er Os Travklubb som har bygd hesteløypa for eigne kroner, og bruker mykje tid og pengar på vedlikehald, så gjeld allemannsretten, dessverre kan kven som helst ferdast i løypa.

– Vi møter ofte folk som viser lite forståing for både travsport og for korleis dyr tenkjer. Vi møter folk som går med hundane laus, eller i lange band på snelle, der hunden går på den eine sida av stien, eigaren på den andre, gjerne mens han snakkar i telefonen.

– Vi møter folk med barnevogn, ungar som viftar med pinnar, ungar som skal læra seg å sykla, heile skuleklassar og vi møter barnehagar på tur. Elevar som har hatt intervalltrening sit gjerne midt i løypa og kviler seg mellom slaga, og er svært seine med å flytta seg.

– Seinast for eit par dagar sidan møtte vi ein far som lærde sonen sin å køyra motocross i hesteløypa. Det enda med at ein hest blei skremt og vogn med kusk hamna i grøfta.

Det kan vera utfordrande å koma i full trav med 500-600 kilo rå muskelkraft.

– «Du har vel kontroll på hesten din?» har eg blitt spurd om, av folk som du elles kunne ha rekna som oppegåande. Då blir eg provosert.

– Hesteløypa er staden vi går for å trena vekke frå folk, for å unngå å koma travande langs vegen.

– Dette er nettopp fordi hestane er dyr, ikkje menneske, ikkje maskiner. Det hjelper ikkje å seia til ein hest at paraplyar ikkje er farlege eller at dei ikkje skal bry seg om ein hund som spring etter dei eller ein unge som viftar med ein pinne.

– Burde ha venta med Knutabruo

I oktober blei Knutabruo opna. Brua knyter saman den nye turvegen mellom Nordmarka og Tøsdal på austsida av Oselvo med Nordmarka med hesteløypa på vestsida.

– Trafikken av fotgjengarar i alle variantar har eksplodert. Vi har i årevis jobba for å auka tryggleiken i hesteløypa, og i staden for å bli betre blir det no ein straum av endå fleire folk.

– Det er til og med eit treningssenter i Os som no vil legga fellesøktene inn i hesteløypa? Kan du tenkja deg, 50 stykker med hodelykt inn der hestane skal trena? Vi har allereie fleire medlemmar i travklubben som har slutta å trena hestane sine her, dei er rett og slett redd for å skada både hest og folk.

Lisbeth og Therese er klar på at Knutabruo ikkje burde vore opna før den nye stien det er snakk om frå brua mot Banktjørn var klar.

– Sjølv om det kjem nye stiar fryktar eg at folk vil halda fram med å gå i hesteløypa, det er jo ei god løype.

– Eg har ein idé om lyssignal ved dei ulike inngangane til løypa, der vi kunne slått på signal når vi startar treninga, og at det hadde vore godt skilta med førehandsreglar. Men eg veit ikkje om det let seg gjennomføra, seier Therese.

I mellomtida er dei to spente på korleis dei to hestane, Lisbeth sin eldre og erfarne og Therese sin, som er eitt år gamal og til no har hatt eit fint og stabilt lynne - vil te seg når dei i dag skal ha på vogn for å prøva å sikra at minnene frå i går ikkje får festa seg for hardt.

Os kommune svarer: Strakstiltak og ny sti i Osmarka

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.