Brann og beredskap | 23. juni 2021

Draumesankthans - og tryggleiksreglane får du på rim

Brannsjefen set pris på kommunikasjonsrådgivaren sine vers.

Draumesankthans - og tryggleiksreglane får du på rim
Oseana lagar ikkje bål i Mobergsvikjo i år, men byr på jazzkonsert på terrassen. (Bilde frå 2019)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. juni 2021 11:18

Finvêret held stabilt, og i dag har vinden løya. I kveld er det sankthansaftan, og alt ligg til rette for ei fin stund i fjøra.

Oseana riggar ikkje til bål i Mobergsvikjo i år, men byr på konsert med Osøren Jazzensemble.

– Vi gler oss naturlegvis over vêret, no kan vi spela ute på terrassen som planlagt, seier Geir Mildestveit.

Det er i skrivande stund framleis ledige billettar til konserten.

– Kva med dei som vil tenna eit bål i fjøra?

– Fleire kommunar har innført bålforbod grunna tørke, men sidan vi nyleg har hatt ein del nedbør, er det ikkje andre reglar enn det generelle bålforbodet som gjeld frå 15. april, seier brannsjef Eivind Hovden.

Bålet er på ditt ansvar, og den som har ansvar skal vera vaksen og edru. Hugs å rydda etter deg, og å dynka eingongsgrill veldig godt med vatn.

– Reglane er i grunnen flott oppsummert av Ragnhild Stende Bjaadal. Eg synest det er veldig bra at ho har tatt det på rim, då blir hugsereglane endå kjekkare å lesa, seier Hovden.

Ho jobbar som kommunikasjonsrådgjevar i Bjørnafjorden kommune, og skreiv regla for nokre år sidan. Den har vore justert litt nokre år, og blei publisert på nytt på Facebook no før feiringa.

– Eg vil ikkje kalla dette eit dikt, det er berre forsøk på rim. Og nei, eg har ikkje for vane å skriva dikt. Men det har hendt i privat samanheng, og då eg før kommunesamanslåinga skreiv kjærleiksdikt frå Os til Fusa på valentinsdagen, seier ei lattermild Ragnhild Stende Bjaadal.

Sankthans-regla(r)

I år som i fjor og året før det
Hugs, så ingenting anna enn bålet brenn ned:

Du treng ikkje løyve frå oss på Brann
Men du må love å bruke din sunne forstand

Er du grunneigar der bålet skal stå?
Viss ikkje, hugs å melde ifrå

Skal bålet i eit friluftsområde brenne
må du først til kommunen deg vende

Alle bål skal ha ein ansvarleg
Som passar på at det ikkje blir farleg

Han må kunne ringe oss på 1-1-0
Og ikkje finne på noko tull

Sløkkeutstyr skal alle bål ha
Bøtter med vatn passar bra

Eit stort bål gir mykje glede
Men dropp lettantennelege klede!

Dersom nokon blir brent
Kjøl straks ned med masse vatn, ikkje vent!

Dersom det er behov for det,
ring så medisinsk nødhjelp på 1-1-3

Bålet skal brenne fint og heilt ned
av pallar, avkapp og ubehandla tre

Tenk at nokon på bålet lassar
plast, boss og gamle madrassar!

(Det ville jo aldri du ha funne på
men det er viktig å passe på andre nå)

Bålet må vere heilt sløkt når de går frå festen
Rydd opp, ta med spikrar og plukk opp resten

Ha ein trygg og fin sankthans, alle mann!
Helsing frå oss som kan dette med brann

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.