«Du må ikkje koma til Mobergsvikjo for å ha det gøy»
Kommentar: Skal vi bruka millionar på førebygging, men straffa sunn ungdom som leikar seg i sjøen på varme dagar?


I fjor blei stupebrettet på Mobergsneset fjerna fordi fundamentet blei vurdert som for svakt.
Bjørnafjorden kommune ventar til prosjektet i Tellevika er ferdig, for viss det blir pengar til overs så kan dei bruka nokre dollar på nytt fundament i Vikjo.
Då skal òg eit lengre brett på plass, sånn at stuparane kjem seg ut på noko djupare vatn.
I mellomtida har vi den varmaste og tørraste sommaren på mange år.
Fundamentet er flittig i bruk, rett nok ikkje med same kraftbelasting som eit brett med svikt, men med stup og hopp på langt grunnare vatn enn før.

Heldigvis, for dei spreke og leikne, er det framleis ei badebrygge i Vikjo. Det var frykta at brygga skulle veltast, så i 2021 kom ei tryggare brygge på plass.
Denne hadde stupebrett, eit brett som fekk redusert høgde i 2022.
Men no er dette stupebrettet knekt.
Det er kommunen si brygge, mens det er BOF som driftar den. Sleper den inn og ut mellom molo og Mobergsvikjo før og etter sesong.
BOF uttaler til Os & Fusaposten at dei no vurderer å fjerna heile installasjonen.
Det er kanskje lett å tenkja at dei som herjar driv med pøbelstrekar.
Eg tenkjer heller at dette er sunn, leiken og modig ungdom.
Gutar og jenter som søkjer litt meir spenning, litt større utfordringar. Men brått var dei uheldige, det blei for mange utpå brettet. Håper ingen skadde seg.
Resultatet? Vi risikerer ikkje berre at stupebrettet ikkje blir erstatta, men at heile badebrygga blir fjerna. No skal alle ungane sitja trygt inne i fjøra, attmed mor, og eta giflar til sola går ned. Til nød kan dei ta seg ein tur på ei flytemadrass.
Kommunen bruker millionar på førebygging og omsorg for ungdom som har det vanskeleg. Då bør dei kunna bruka nokre tusenlappar på dei som søker adrenalin på ein sporty måte. Os er trass alt ei bygd som fostrar dødsarar i verdsklasse.
Det er sjølvsagt ikkje kjekt om nokon skadar seg, men dette handlar om å reparera noko som er øydelagt. Gjenbruk. Dei mest eventyrlystne og uredde vil alltid leva med ein viss risiko for å skada seg på ein eller annan arena.
På den andre sida, om nokon knuser ei rute i eit busskur – så har fylket og vegvesenet ein policy om å skifta glaset asapzulu. Skadd materiell kan lokka andre til å utføra meir skade. Ting skal vera strigla langs offentleg transport.
Mitt forslag: Køyr same policy i Mobergsvikjo.
I tråd med kommunen sitt eige slagord «med evne og vilje til å fornya seg sjølv».
Skaden er neppe ondt meint, men truleg eit resultat av at ungar og ungdom trur at alt toler alt (fram til dei får ein fot gjennom ein gipsvegg heime i stova – eller samlast i litt for stor flokk på stupebrettet).
Få på plass eit nytt brett før helga. Sommaren skal vara utover i neste veke, rett nok med «berre» 21 gradar. Men gjerne ta eit brett som er endå meir robust. Resten av brygga ser jo like heil ut.
Sjekk gjerne også prisen på støyping av nytt fundament på Mobergsneset.
Eg kjenner entreprenørar som i fjor haust hinta om at dei kunne utføra det vederlagsfritt eller veldig billig – som sponsing til fellesskapen. I så fall ville årets supersommar vore endå meir spretten. Og trygg.
Kjetil Vasby Bruarøy
Ansvarleg redaktør, Midtsiden







