Samferdsle | 06. okt. 2022

E39 er truleg beste veg heim frå Bergen i dag

Svært vanskelege forhold i Lysefjorden på ettermiddagen i går.

E39 er truleg beste veg heim frå Bergen i dag
Onsdag ettermiddag blei det kretsmeisterskap i kolonnerygging i Lysefjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. okt. 2022 10:33

Hamrevegen er stengt og nattarbeid på E39 på Vallaheiane, som førre veke drøya frå 06 til 07 og skapte lang kø, og på morgonen i går etterlet seg ein asfaltkant, førte til oppbremsing og endå lengre kø frå Os mot Bergen.

– Trafikken gjekk heldivis lettare på morgonen i dag. Det var litt kø opp Vallaheiane retning frå Os mot Bergen i 07.30-tida, men langt ifrå det same som i går, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal ved vegrafikksentralen.

Om køen på morgonen skremte endå fleire til å velja Fanafjellet på ettermiddagen, veit vi ikkje, men trafikken i begge retningar over Fanafjellet var stor nok til å skapa fleire utfordringar på Lyseklostervegen og Ole Bulls veg over Søvikåsen onsdag ettermiddag.

– Vi har ingen notat på dette. Det er mogleg at bilistar eller media har ringt oss, og vi har stadfesta situasjonen, men slike meldingar genererer ikkje automatisk noko loggføring.

– Men det er ingenting som tilseier at det skal bli vanskelege forhold på E39 i ettermiddag. Om detvar vanskeleg over Fanafjellet i går, bør nok fleire pendlarar frå Bergen til Os velja E39 i ettermiddag.

Midtsiden har ikkje lykkast å koma gjennom til politiet i Os. Ved operasjonssentralen i Bergen har dei ikkje tid til å bla gjennom notatar frå i går.

– Men er det plan om dirigering over Fanafjellet eller i Lysefjorden i ettermiddag?

– Ikkje som eg kjenner til, seier operasjonsleiar, som av Midtsiden blir oppmoda å halda motorsykkel klar til eventuelle utfordringar i ettermiddag.

Rygga i kolonne

Når 120 av 200 elevar på Austevoll vgs er utanfrå kommunen, og mange frå Os, inkludert underteikna, var på veg til Krokeide for å ta ferje til foreldremøte, blei det også fleire bilistar retning Bergen enn elles.

Ved haldeplassen nær Lysekloster hovudgard måtte 8-10 bilar rygga tilbake til klosterruinane. Der sto det allereie bilar på vent som måtte rygga i retning breiare veg i Åsen.

Der blei bilar retning Bergen ståande lenge for å sleppa trafikk mot Os.

Fleire meldingar på Facebook-gruppa «Trafikkmeldinger Fanafjell» skildrar ei rekkje problem onsdagen.

Ein bilist som blei intervjua av BA i går fortel at han blei ståande 30 minutt heilt i ro.

Fleire av køyretøya var tungtrafikk, nokre av dei var semitrailerar. Ein tyngre bil skal også ha køyrd seg fast over Søvikåsen.

Dårleg timing

I går spurde vi vegtrafikksentralen om ikkje arbeidet på Hamreveien burde ha venta til ny E39 opnar.

– Vegarbeid to stadar og stengt på Hamreveien, dette kunne ikkje ha venta nokre veker til ny E39 opnar?

– Hamrevegen er stengt på grunn av legging av nytt vatn og avlaup under Kismulvegen. Det arbeidet har pågått lenge, og har no kome fram til Hamrevegen, som må kryssast, var svaret vi fekk.

Ny E39 Svegatjørn-Rådal skal opna måndag 31.oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.