Samferdsle | 13. okt. 2023

E39 stengt ved Liafjellstunnelen

Auka trafikk gjennom Osøyro etter stenging på Moberg.

E39 stengt ved Liafjellstunnelen
Liafjellstunnelen retning nord. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. okt. 2023 10:54

E39 er stengt på Moberg.

Årsaka er teknisk feil på anlegget, opplyser Vegtrafikksentralen klokka 09.59.

Vegen er framleis stengt ein time seinare, og ifølgje Google Maps er det noko stilleståande trafikk på Moberg - og naturlegvis auka trafikk gjennom Osøyro.

OPPDATERT kl 11.45: Vegen er opna igjen etter 1 time og 45 minutt stenging.

Du lurer kanskje på kor mykje teknikk du treng i ein tunell på 330 meter, og kva som var gale?

Vegtrafikksentralen svarer:

– Det var ein teknisk feil på ein bom. Bommen har ein bolt som skal knekka om nokon køyrer i bommen, og denne var knekt. Truleg har nokon køyrd i bommen i natt.

– Bolten er no fjerna, og ny bolt skal på plass seinare. Vi ville ta dette før fredagsrushet starta, fortel vakthavande trafikkoperatør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.