Politi | 18. sep. 2023

Ber om tips etter pinnekasting

Sto over Liafjellstunnelen og forstyrra trafikken.

Ber om tips etter pinnekasting
Ungane sto på sørsida av Liafjellstunnelen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmandag 18. sep. 2023 08:05

Søndag i 16.30-tida fekk politiet melding om to ungdomar som sto over tunellmunningen på Liafjellstunnelen og kasta pinnar ned på E39.

– Vegtrafikksentralen blei varsla, og det er sett gjennom video. Vi ønskjer tips om hendinga, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

– Dette var på sørsida, mot Halhjem, legg Lyssand til.

Politiet, som i utgangspunktet har stasjon på nabotomta, men truleg rykte ut frå Fana, sidan det var søndag, kom til staden. Då var ungdomane vekke.

Politiet ber vitne til hendinga om å ta kontakt på dagvaktstelefonen, 56303900.

– Vi vil følgja opp i det forebyggande sporet.

Tidligare på dagen, rundt 11.30, fekk politiet melding om køyretøystans i Skogafjelltunellen.

Bilen sto i havareilomme på veg inn i tunellen retning Bergen. Køyretøyet hadde eit punktert dekk.

Politiet var på staden og bisto førar med å skifta dekk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.