– Det er viktig at småbåtar kan passera under brua, på innsida av ytste Gulholmen, skriv kommunen. (Ill.: Statens vegvesen)
– Det er viktig at småbåtar kan passera under brua, på innsida av ytste Gulholmen, skriv kommunen. (Ill.: Statens vegvesen)

E39 Stord-Os: Kommunen har 10 faglege råd

Skal forma innspel til reguleringsplanen.

Kjetil Vasby Bruarøy
23. oktober 2020 - 15:53

Statens vegvesen skal utarbeida statleg reguleringsplan for E39 Stord – Os i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden.

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) er planmynde og tar endeleg avgjerd. Bjørnafjorden kommunane er høyringsinstans.

Målet for prosjektet er å ha eit forslag til reguleringsplan som kan leggast på høyring i 2022.

Vegvesenet ber om innspel, og 29. mai hadde dei oppstartmøte med Bjørnafjorden kommune.

Tysdag skal kommunestyret behandla sak om innspel til reguleringsplan for E39 Stord-Os. Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak er kort og ope; saka blir lagt fram for drøfting og uttale.

Er imot - kjem likevel med innspel

Ordførar og leiar i plan- og bygningsutvalet var med på møte.

Trine Lindborg (Ap) og Terje Sperrevik (Sp) orienterte om at kommunen i utgangspunktet har gjort lokalt vedtak om å arbeida for ei anna løysing, men at kommunen likevel ønskjer å ta en aktiv rolle i dette arbeidet og bidra til at løysingane som vert utvikla støttar dei omsyna og behova som er viktige for kommunen.

Administrasjonen i Statens vegvesen og Bjørnafjorden kommune har i tillegg hatt eigne arbeidsmøte og sett på ulike detaljer i prosjektet.

I eit internt notat (sjå sakspapir) med fagråd frå saksbehandlar Asle J. Andås i Bjørnafjorden kommune, skriv Andås: 

For å gi litt meir bakgrunnsinformasjon i denne store saka ønskjer planavdelinga å kommenter følgjande punkt som er viktig for kommunen å ha kjennskap til og ev. kome med uttale om:

1. Bjørnafjordbrua.
2. Ilandføring ved Gulholmen.
3. Ulike løysingar for handtering av masseoverskot.
4. Sikre god kopling mellom «blålys-etatane» på Moberg og nye E39.
5. Sikre god kolbing mellom Osøyro og ny E39
6. Ny bru over Ulvenvatnet
7. Tursti rundt Ulvenvatnet.
8. Gang- og sykkelløysingar
9. Kollektivsystem
10. Kryssutforming Svegatjørn.

Blant fagråda kan vi lesa at kommunen er positiv til at det blir etablert friluftsområde på eller ved Kobbavågen, at det er viktig at småbåtar får passera under brua frå ytste Gulholmen, og at to område, Lepsøy og Storum, blir vurderte for massedeponi og framtidig kaianlegg.

Kommunen ønskjer òg god tilkopling for blålysetatane på Moberg til ein eventuell ny E39 i fjell frå Øyane til Ulventatnet, det same gjeld for Osøyro og Os aust. Dei ber òg om ei avklaring om framtidig kollektivtransport på E39, for eksempel om det kan bli aktuelt å flytta terminalen ved Tøsdalsskiftet/Meny nærmare E39.

Planområdet i lilla. Korleis skal blålys frå Moberg og trafikk frå Osøyro koplast på ein eventuell tunell frå Øyane til Ulvenvatnet? (Ill.: SVV)
Planområdet i lilla. Korleis skal blålys frå Moberg og trafikk frå Osøyro koplast på ein eventuell tunell frå Øyane til Ulvenvatnet? (Ill.: SVV)

Under kan du lesa utfyllande om alle dei ti fagråda:

1. Bjørnafjordbrua
Valgt bruløysing er ei endeforankra flytebru, med krumming mot aust. Flytebrua over Bjørnafjorden vil bli relativt lik Nordhordlandsbrua. Mot Tysnes vil det bli eit ca. 200 meters høgt brutårn og ca. 100 meter mellom pontongane brua kviler på. Her vil det bli seglingshøgde på minst 45 meter (det er ein forutsetning at Statsråd Lehmkuhl skal kunne passere under brua). Lågbrudelen vidare vil få ei seglingshøgde på ca. 11 meter.

2. Ilandføring ved Gulholmen.
Eksisterande friluftsområdet rundt Kobbavågen bør vere mest mogeleg skjerma i høve støy, støv og lys-forureining frå framtidig biltrafikk. Samstundes er kommunen positiv til at området ved ilandføring av brua, vert regulert og utvikla som eit nytt friområde som del av prosjektet. Framtidig gang- og sykkelveg må tilpassast best mogeleg eksisterande terreng, men samstundes vere universelt utforma. Administrasjonen meiner den beste løysinga er å føre gang- og sykkelvegen vestover, bak eksisterande hytter og knytte seg til eksisterande vegsystem i Gjelevika. Det må fortsatt vere mogeleg for småbåtar å gå gjennom sundet mellom Gulholmane og Røtinga.

3. Massehandtering.
Ny E39 skal gå i tunnel frå ilandføringa ved Gulholmen til Ulvenvatnet. Det vil bli eit stort overskot av masser på strekninga gjennom Bjørnafjorden. Ein del av massane vil gå med til å fylle ut langs Ulvenvatnet og ved ilandføring i Søre Øyane. Elles har avgrensing av planområdet tatt med to mogeleg områder for massedeponi og/eller utskiping av massar. Det eine området ligg på nordsida av Lepsøy og det andre på Åmundsneset/ Storum. Kommunen må ta stilling til om desse områda er egna for etablering av kaianlegg for utskiping av masser. Kommunen må òg vurdere om det er andre områder som er betre egna eller om kommunen kan nytte overskotsmassar til andre gode tiltak. Eit alternativt forslag kan vere å lage eit tverrslag og anleggstunnel direkte til steinknuseverket i Ådnadalen.

4. Kopling mellom eksisterande E39 og ny E39
Det er viktig å sikre god kopling mellom «blålys-etatane» på Moberg og ny E39. Dette kan sikrast ved å kole eksisterande E39/ Halhjemsvegen inn på ny E39 i nytt kryss i Kolskogen/ Svegatjørn. Det nærliggande er å knyte Halhjemsvegen saman med Industrivegen. Alternativ kan ein knyte Halhjemsvegen direkte inn på eit nytt kryss. Dette avhenger av kva kryss- løysing som blir valgt. Det må nemnast at Industrivegen ikkje er egna som gjennomkjørings- veg, då mange industriverksemder har direkte avkjørsel frå Industrivegen. Nytt kryss bør utformast slik at Industrivegen ikkje blir gjennomkjøringsveg. Dersom Industrivegen blir oppgradert til hovudveg, må det i så fall etablerast omfattande avkjørsel-sanering.

5. Bru over Ulvenvatnet.
Det vil bli etablert ny bru over Ulvenvatnet, vest for eksisterande bru. Vidare vil vegen truleg følgje eksisterande veg ved å forlenge fyllinga ut i Ulvenvatnet. Forhold som kommunen kan gi innspel på er kor lang skal den nye brua vere og kor mykje av den nye vegen kan ein legge på utfylt areal. Eit anna forhold er høgda på den nye brua. I utgangspunktet vil nok den nye brua få omtrent same høgde som den eksisterande. Den nye brua må ikkje bli dominerande i landskapet og den må ikkje hindre fri ferdsel under brua, dette gjeld både på vatnet og på land ved brukara.

6. Kopling mellom Osøyro og ny E39.
Det er viktig å sikre god kopling mellom Osøyro som regionsenter og ny E39. Ny E39 vil få ein annan funksjon enn dagens E39. Dagen E39 er del av det overordna vegsystemet i kommunen og bindeledd mellom Osøyro og krinsane i sør, vest og nord. Den nye E39 vil få ein annan funksjon, den vil i mindre grad vere eit bindeledd, men meir vere ein hovudveg som bare går igjennom kommunen. Likevel er det viktig å koble Osøyro og austre del av kommunen tett på den nye hovudvegen.

7. Gang- og sykkelløysingar
Med ny fjordkryssing vil den overordna sykkelruta eller «Nordsjøsykkelruta», lande på Røtinga i Søre Øyane. Ny sykkelrute skal følgje Fv 158, dvs. Røtingavegen - Lepsøyvegen, fram til den treff på dagens sykkelrute på Moberg. Sykkelruta er klassifisert som trafikkfarleg der det er dårleg sikt, og elles mangelfull. Det er behov for betre tilrettelegging langs Røtingavegen og Lepsøyvegen for gåande og syklande.

8. Tursti rundt Ulvenvatnet.
Området ved Ulvenvatnet er eit viktig rekreasjonsområde. Kommunen har jobba lenge for å få på plass ein tursti rundt Ulvenvatnet. I dag er det etablert tursti frå Kuventræ gravplass og bort til Teinevika. Turstien går på utsida av eksisterande E39. Denne turstien må oppretthaldast i planarbeidet og reetablerast forbi dei nye landkara og på utsida av ny E39.

9. Kollektiv
Det må avklarast som eit eige punkt i planarbeidet kva rolle det nye krysset i Svegatjørn skal ha i det overordna kollektivnettet. Skal det leggjast til rette for pendlerparkering i tilknytning til krysset? Skal det regulerast inn busslommer eller skal det etablerast ein eigen kollektivterminal i tilknytning til nytt kryss? I dag er det ein liten «bussterminal» i Tøsdalsskifte og høve for omstiging til lokale ruter. Skal dette omstigingspunktet flyttast opp til nytt kryss? Dette heng forøvrig saman med punkt om god kopling mellom Osøyro og ny E39. Skal Osøyro utvikle seg som regionsenter og for å nå det overordna målet om nullvekst i biltrafikk, er det viktig å legge til rette for effektive koplingar slik at det vert attraktivt å reise kollektivt. Det blir viktig at ein får ei avklaring av framtidig mønster for kollektivtrafikk mellom E39 og regionsenteret Osøyro.

10. Kryssutforming Svegatjørn.
I utgangspunktet skal den nye E39 dimensjonerast for gjennomgåande 110 km/t. I så fall må det krysset som nå blir bygd, bli bygd om. Av- og på-kjøringsrampene må truleg flyttast lenger sør og geometrien på rampene må gjerast mindre krappe. Dette vil medføre store inngrep i eit etablert industriområde. I samband med oppstart av planarbeidet er det bare vist at det blir eit nytt kryss i dette området. Noko av inngrepet i sør med nytt kryss kan kanskje kompenserast ved at det blir tilbakeført nytt industriområde i dagens kryssområde. Kommunen ønskjer å vere tett på dette arbeidet om korleis ny E39 best mogleg skal knytast saman med eksisterande vegar på ein god og effektiv måte, med minst mogeleg reduksjon av eksisterande industriareal.