Lokal | 02. juli 2015

E39: Veidekke fekk rekordkontrakten

Tysdag gjekk fristen ut for klager og merknadar - no er det bestemt at Veidekke får kontrakten verdt oppunder 2,3 milliardar kroner.

E39: Veidekke fekk rekordkontrakten
Veidekke skal mellom anna bygga motorvegen mellom tunnelane i Endalausmarka i Os. (Foto og montasje: Knut Opeide og David Furstenberg)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. juli 2015 09:16

Veidekke Entreprenør AS er tildelt oppdraget med å bygga søndre del av prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding i dag.

- Dette er klart etter at fristen for klager er gått ut, og ingen merknader er komne, stadfester prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen.

Han kan notera seg at den største vegkontrakten, så langt, i Statens vegvesen no er avklart.

Signerer i august

Måndag signerte Implenia kontrakt på same prosjekt, nordre del, verdt 1,4 milliardar.

Les òg: Den første av dei to store

Kontrakten Veidekke får er på 2,298 milliardar kroner. Den blir signert over ferien, truleg 28. august.

Startar i oktober

Parsellen Veidekke skal bygge er cirka 12,7 kilometer lang. Oppdraget inneheld bygging av to to-løpstunnelar (Skogafjellstunnelen på 1,5 kilometer og Lyshorntunnelen på 9,2 kilometer) og to kilometer firefelts hovudveg i dagen. Oppdraget omfattar også bygging av to planfrie kryss, ein vanntunnel på 1,7 kilometer, bruer, portalar og støttemurar og eit omfattande VA-anlegg, skriv Veidekke på sine heimesider.

- Vi er svært godt fornøyd med tilliten Statens vegvesen har vist oss, og at det var vi som vann konkurransen om dette oppdraget. Saman skal vi gjennomføra prosjektet på best mogleg måte, med eit sterkt fokus på HMS, ytre miljø og kvalitet, seier prosjektleder Trygve Slåke i Veidekke.

Byggearbeidet startar opp i oktober 2015 og skal vera avslutta i august 2020.

Om E39 Svegatjørn - Rådal:

• Strekninga er på totalt 17,7 km og skal gå som firefelts motorveg mellom Os og Fana. Prosjektet har ei kostnadsramme på 6,5 milliardar kroner og skal korta ned reisetida mellom Bergen og Halhjem frå fra 40 til 20 minutt.

• 14,7 av den 17,7 kilometer lange vegen blir i tunnel. Den lengste tunnelen blir den 9,2 km lange Lyshorntunnelen mellom Endalausmarka og Rådal.

• Lengst sør, frå Svegatjørn til Endelausmarka, kjem den 1,5 km lange Skogafjellstunnelen.

• Dagsona gjennom Endelausmarka blir 1,1 km lang. Her kjem også fleire store næringsområde, blant anna Lyseparken på rundt 500 mål.

• Prosjektet omfattar også ny fylkesveg frå kryss i Endelausmarka til Åsenvegen og utbetring av eksisterande fylkesveg 163 for cirka 40 millionar kroner.

• Lyshorntunnelen kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dagsone og kryssområde på 200 meter før den går vidare i 2,2 km lange Råtunnelen. Denne kjem i fjellet vest for dagens vegsystem ved Laguneparken. Ny vegline held fram til dagens riksveg 580 sør for Troldhaugtunnelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.