– Eg treng Toyotaen til neste løp
Karoline Breivik kjørte greit på Dokka, men trur ho treng meir kraft om ho skal halda på andreplassen samanlagt i debutsesongen i rallycross.
Etter to sesongar med bilcross kjører Karoline Breivik (18) frå Os i år sin første heile sesong med rallycross.
I helga kjørte ho fjerde av fem NM-rundar for junior og landa på 3. plass i B-finalen, totalt 7. plass av 10 kjørarar.
– Han som vann har hatt NM-rundar det han berre har kjørt eitt heat. Eg fullførte alle og fekk nok poeng til at eg framleis ligg på 2. plass samanlagt.
– Men det er tett bak meg og eg vil jobba hardt for ikkje å mista pallplass i siste NM-runde, seier Karoline til Midtsiden.
– Motoren kom torsdag
Karoline har berre fått bruka den nye rallycrossbilen sin, ein Toyota Starlet, i første NM-runde.
I dei tre neste har ho kjørt ein leigd Peugeot som ikkje er like rask. Ho tok 2. plass i andre NM-runde, med den lånte bilen, men håper likevel å få Toyotaen klar til bruk til siste runde, som går på Gardermoen om to veker.
– Banen på Gardermoen har fleire langstrekk og då blir det ekstra vanskeleg for meg, sidan dei fleste andre har raskare bilar enn meg.
– Men torsdag blei motoren til Toyotaen levert, og viss eg er heldig er bilen klar til testkjøring på Eikås til helga og til siste NM-runde helga etter.