Ei helg med hestar

Prøver Marion Ravn og Don Quijote å ri på De to vitse Menn sin suksess?

Svein Harry Schöttker-Hauge og Eirik del Barco Soleglad speler Don Quijote og Sancho Panza. (Foto: Stig Håvard Dirdal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. okt. 2021 10:12

Laurdag 30. oktober kan du oppleva klassikaren Don Quijote som fornøyeleg komedie med Riksteatret på Oseana.

Kvelden før speler Marion Ravn konsert. Ho er på turné der ho har servert «Ti ville hester» som kritikarrost smakebete på det komande albumet.

Det er ein del ledig sete både fredag og laurdag, etter at Noreg gjekk tilbake til normalen i slutten av september.

Om Ravn og Quijote med sitt hestefokus kan ri på suksessen dei lokale komikarane Thomas Helgesen og Jan Helge Corneliussen opplever, med rundt 3/4 selt sal to kveldar på rad 19. og 20. november, er uvisst.

Parallellen mellom Vitse Menn-plakaten og Quijote-kulissane var uansett vanskeleg for redaksjonen å hoppa bukk over:

Komiske Quijote laurdag blir etterfølgd av desse lokale klovnane tre veker seinare.

Helgesen & Cornel er ikkje dei einaste komikarane som sel godt om dagen, Terje Sporsem neste helg er så og seia utselt.

Ser det han trur - trur det han ser

«Riksteatret leverer en aktualisert Don Quijote (...) Når Don Quijote svinger lansen sin for å rydde el-sparkesyklene av veien, føles den 400 år gamle historien treffende oppdatert» skriv Vårt Land om framsyninga førstkomande laurdag.

Dei fleste forbinder Don Quijote med historia om mannen som slåst mot vindmøller. Mange har også eit indre bilde av en lang tynn fyr på eit beinrangel av ein hest, og kanskje ein stutt kar på esel ved sidan av.

– Den eine ser det han trur på, den andre trur berre på det han ser.

– Den eine ser verkelegheita som ho er, den andre som ho burde vera, oppsummerer dei to.

I Riksteatrets versjon flakkar Don Quijote og Sancho Panza omkring i vår tid. Vi får sjå den ikoniske skikkelsen Don Quijote gyve laus på vindmøller frå ei svunne tid, og du får også møte han sittande i baren på ein nattklubb i vår tid.

Don Quijote passar for alle, og du treng ikkje å ha lese boka før du går på teater. I rollene som Don Quijote og Sancho Panza møter publikum komedieskodespelarane Svein Harry Schöttker-Hauge og Eirik del Barco Soleglad.

Elles medverkar Jenny Ellegård, Anne E. Kokkinn, Patrik Asplund Stenseth og Johanne Fossheim.

Akustisk Ravn

Marion Ravn speler i Kolbotn dag og i Asker i morgon. Fredag set ho seg ved flygelet i Oseana.

Ho er på turneen «Mellom disse 4 vegger» saman med sin faste musikar-makker Jan Ole Kristensen.

Marion Ravn rundar av turneen sin i Oseana fredag. (Foto: André Løyning)

Parallelt med turneen slepp ho også ny musikk. «Ti ville hester» er første smakebit frå det komande albumet, som vil bli delt opp i to delar. Første del kjem hausten 2021, andre del kjem i 2022.

Marion Ravn har fått mykje ros for sin overgang frå engelske til norske låtar. Singelen «Fritt fall» blei av VGs anmeldar kalla «Et magesugende popmirakel» og trilla terningkast fem.

Turneen starta 24. juni. Oseana er siste stoppestad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.