Oseana | 19. aug. 2021

Om bord på det flytande «operahotellet»

Unge songarar bur på MS Sunnhordland for å øva til konsert på Oseana.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 19. aug. 2021 13:02

Sidan mandag har eit titals musikarar og instruktørar budd på MS Sunnhordland, som ligg til land på Os næringskai, som fekk permanent styrkt landstraum grunna arrangementet.

Les ògFor godt til å vera sant? Styrkt landstraum i Os hamn

På dagtid har dei hatt fulle og intense dagar med øving. Laurdag er det konsert.

– Eg er ikkje vane med å bu på ein båt, og heller ikkje så tett med andre menneske. Vi er to-tre per lugar. Det er veldig kjekt, og vi blir jo sjølvsagt godt kjent med kvarandre, seier songar Filip Steinland.

Sjå videointervju frå øving og innsida av MS Sunnhordland i ruta over.

  • Den tidlegare ubåtjagaren blei sjøsett i Chicago i 1943 og kom til Noreg i 1947.
  • Etter å ha gått i rute mellom Bergen og Sunnhordland frå 1948 til 1973, har den hatt andre funksjonar, i nyare tid blant anna som hotellbåt for musikarar under Tysnesfest.
  • Som rutebåt hadde MS Sunnhordland plass til 13 bilar 600 passasjerar. I dag har den 44 lugarar, enkle og doble, og salong med bordplass til 130 passasjerar.

Tilrettelagt idyll

Steinland er veldig nøgd med fasilitetane som dei har fått nytta seg av denne veka.

– Det å bu på båten fungerer heilt nydeleg. I tillegg er Oseana verkeleg ein flott stad med god scene, gode øvingsrom og fint tilrettelagt på fleire måtar. Eg visste ikkje at det skulle vera så bra her.

Når dei kom til Os vart dei imponert over kor vakkert det er i Bjørnafjorden.

– Det er jo berre heilt fantastisk her! Eg hugsar då vi kom med koffertane våre på mandag, og vi berre såg på kvarandre og lurte på kor i all verda vi var. Er det toppen av noregsidyll? spurde vi kvarandre.

Eit akademi

Sommarakademiet rettar seg mot unge songarar som er under utdanning, eller som nyleg er ferdigutdanna.

Deltakarane får arbeida med dyktige pedagogar, coachar og dirigentar - alle med erfaring frå store operahus verda over.

Laurdagens framsyning byr på utdrag frå dei mest kjende operaane. Ariar, ensemble og ein heil scene med regi. Her kan ein møta nye talent, der dei ivrar etter å presentere seg sjølv på starten av sine karrierar.

Avslutningskonsert

Årets sommarakademi blir avslutta med ein flott operakonsert i Oseana som du ikkje bør gå glipp av. Kanskje er det morgondagens stjerner du får høyre for første gong?

– Publikum kan venta seg ei veldig fin og spennande konsert, med eit stort utval frå fleire kjente operaer, forklarar Steinland.

«Opera ved fjorden – Sommerakademi» blir arrangert av Bergen Nasjonale Opera i samarbeid med Oseana kunst- og kultursenter, og er støtta av Grieg Foundation og Sparebankstiftelsen DNB.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.