Jakt, fiske og natur | 13. juni 2021

Ei veke med livredning, fiske og lærdom

Innhaldsrik veke for alle dei 127 elevane ved Søre Øyane barneskule.

Ei veke med livredning, fiske og lærdom
Jim Aron etter ei vellykka økt med sløying. Neste steg; fiskekaker og måltid.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 13. juni 2021 10:17

Elevar som frykta vatn la på svømmetur, elevar som ikkje liker fisk, gafla i seg sjølvlagde fiskekaker.

Sjølv dei som bur i Øyane har noko å læra om livet i og på sjøen, og årets maritime veke blei både fin, lærerik og la opp til ny meistring.

– Først må eg få skryta av foreldre, besteforeldre, bedrifter og svært engasjerte tilsette. Det krev ein del ekstra å laga ei veke som denne, men med slik entusiasme som vi møter på eigen skule og i eige nærmiljø blir det berre kjekt, seier Ingrid N. Kjølsvik.

Nokre foreldre og besteforeldre hadde sett garn på førehand. Fleire stilte med båt for å ta elevane med. Nokre klassar fekk besøka dei større fiskebåtane, andre fekk besøka oppdrettsanlegg.

Bildeserie:

1 av 5

Livsviktig del av pensum

Kjørsvik er avdelingsleiar (tidlegare kalla «inspektør») ved Søre Øyane barneskule. Skulen har hatt ei fast veke med maritime tema i fleire år, dette var Kjølsvik si første.

Men den nye avdelingsleiaren stilte ikkje tomhendt. Ho stilte i våtdrakt med erfaring som livreddar.

– Klassetrinna var slått saman, 1. og 2. klasse hadde eitt opplegg, 3. og 4. var saman, 5. til 7. var éi gruppe. Dei hadde kvar sitt opplegg, men ein del av det var felles.

Alle var innom Kjørsvik sin «stand» i Kobbavågen. Der skulle dei læra om tryggleik i og ved sjøen, og å redda seg sjølv og andre.

Bildeserie:

Avdelingsleiar Kjørsvik stilte i våtdrakt og lærde alle elevane om livredning.
Avdelingsleiar Kjørsvik stilte i våtdrakt og lærde alle elevane om livredning.
Ingen trengte å reddast denne dagen.
Ingen trengte å reddast denne dagen.
Å samla fangsten er alltid kjekt.
Å samla fangsten er alltid kjekt.
Enkelte fekk svært god fangst.
Enkelte fekk svært god fangst.
1 av 4
Avdelingsleiar Kjørsvik stilte i våtdrakt og lærde alle elevane om livredning.
Ingen trengte å reddast denne dagen.
Å samla fangsten er alltid kjekt.
Enkelte fekk svært god fangst.

– Det har alle godt av å læra og repetera. Ein av elevane var veldig skeptisk til dette med å bada i sjøen, men også ho tok turen uti.

– «Dette har vore den beste dagen i heile verda!» sa ho etterpå.

Alle var ute av karantene etter at ein elev testa positivt for covid-19 knappe to veker før - utan at fleire blei smitta. Elevane hadde strålande sol i starten av den maritime veka.

– Torsdag hadde vêret snudd. Då var det dei to yngste trinna sin tur til å svømma og øva livredning. Eg var spent, men ungane nølte ikkje! fortel avdelingsleiaren.

Overnatting for dei eldste

Livredning var nytt i år, og er del av pensum i ny læreplan. Det same er overnatting ute.

Dei to eldste klassetrinna tok turen til Ervikane og sette opp telt.

– Dei hadde fokus på å planlegga og gjennomføra overnattingstur ute, med både å setja opp telt og å laga mat på brennar, fortel Irene Solberg.

Solberg er lærar på 5. trinn.

Bildeserie:

1 av 2

Plutseleg var det godt med fisk

Også teoretisk kunnskap sto på programmet, kombinert med aktivitetane utandørs.

Det blei artsbestemming i fjøra og kahoot og veggavis på skulen. Elevane lærde om både fugl og fisk.

Med svært godt fiske var det også duka for måltid.

Fisken blei sløydd og filetert, så var det matlaging.

– Også dei som trudde dei ikkje likte fisk åt godt. Det er noko eige når du får vera med på heile prosessen.

Bildeserie:

1 av 8

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.