Eidsvegen stengt etter kollaps
Kulverten ved Hatvikvegen blei reparert i juni. I natt kollapsa den.
Bildeserie:
Eidsvegen, den kommunale vegen som går frå fv 552 Hatvikvegen forbi bustadområdet på Berge til fv 137 Hegglandsdalsvegen, er stengt.
Os kommune varsla om stengt veg klokka 07.32 i dag.
– Omkøyring er via Eidsvegen og Hegglandsdalsvegen, skriv Os kommune i meldinga si.
Denne gjekk ut til folk som bur i området, og til blålysetatane.
Startar arbeidet i dag
Brua, eller kulverten, hadde eit større hol før sommaren, og vegen blei stengt 7. juni i år for reparasjon. I dei store nedbørsmengdene natt til onsdag gav den likevel etter.
– Vi kjem til å starta reparasjonsarbeidet snarast, men det er ikkje sikkert at vi blir ferdige i dag, seier Agnete Haugland frå teknisk eining.
– Fotgjengarar kjem seg forbi, men må vera varsame. Når arbeidet startar bør fotgjengarar finna ein annan stad å gå.
OPPDATERT: Klokka 18.19 melder Os kommune at Eidsvegen no er opna igjen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.