Lokal | 09. feb. 2020

Ein heftig forsmak på morgondagens ekstremflo

Steinneset er fylt med stein (...) og ei brygge er skadd i Øyane.

Hamnevegen ut til Steinneset er fylt med stein av bølgjene. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. feb. 2020 12:21

Bildeserie:

Og spylte stein opp i bilvegen. (Foto: KVB)
Den skadde brygga på Sundøy. (Lesarbilde: ERF)
Det er meldt 47 cm høgare flo i morgon! (Foto: KVB)
Bølgjene slo langt over moloen på Steinneset i dag. (Foto: KVB)
Og spylte stein opp i bilvegen. (Foto: KVB)
Den skadde brygga på Sundøy. (Lesarbilde: ERF)
1 av 4
Den skadde brygga på Sundøy. (Lesarbilde: ERF)
Det er meldt 47 cm høgare flo i morgon! (Foto: KVB)
Bølgjene slo langt over moloen på Steinneset i dag. (Foto: KVB)
Og spylte stein opp i bilvegen. (Foto: KVB)

Det er sendt ut oransje farevarsel grunna ekstremt høg vasstand måndag kveld, 221 cm, altså 25 cm høgare enn då det i midten av januar var springflo og stormflo på same tid.

  • Skaper vêret problem hos deg? Send informasjon og bilde til tips@midtsiden.no

Til i dag var det meldt 174 cm flo. Saman med frisk bris og høge bølgjer blei det god høgde i Os hamn.

Nokre småskadar

På Steinneset spylte bøgjene grus og stein opp i bilvegen, noko bubilane skal få bryna seg på når dei skal heim.

På Sundøy er ei brygge øydelagt av bølgjene.

Ei brygge i Øyane er skadd av bølgjer og høg flo. (Lesarbilde: Evy Renate Fyllingen)

– Vi stengte bommane i Ole Bulls veg laurdag kveld, grunna nedbørsmengdene som var meldt, men har elles ikkje fått nokre rapportar om problem i bygda, seier teknisk vakt Robert Flister.

– Men vi skal ut og sjå på situasjonen på Steinneset, om det er noko vi får kosta vekk før neste flo.

Heller ikkje brannvesenet har fått meldingar om problem, utover eit rotvelta tre som har rekt inn i Kuhnlevika, som dei jobbar med å festa til land.

Gjestebrygga fekk gjennomgå i formiddag. (Foto: KVB)

På topp før midnatt måndag

Historisk låge lågtrykk og atmosfæriske forhold gjer at det kan bli ekstremt høg vasstand langs heile kysten av Noreg måndag kveld.

Vasstanden kan bli 70–80 centimeter over normalen, og Meteorologisk institutt vurderer å auka frå oransje til raudt farevarsel.

Det er flo klokka 11.23 og 23.54 i Os måndag.

Under er ein bildeserie frå Os hamn på full flo kl 10.40 i dag (berre synleg for innlogga abonnentar).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.