Os Fotball dame | 25. okt. 2021

– Ein uventa, reell sjanse til å gå vidare

Åsane 2 stilte med 8 frå 1. divisjon, men klarte så vidt å slo Os/Nore Neset.

– Ein uventa, reell sjanse til å gå vidare
I går imponerte dei på bortebane, søndag kan bli ein spennande kveld på Kuventræ. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. okt. 2021 14:37

Os/Nore Neset har avslutta sin andre sesong i 3. divisjon etter opprykket i 2018 på beste måte.

Serievinnarane rykker ikkje direkte opp, men er naturlegvis kvalifiserte til å kjempa om ein plass i 2. divisjon.

Første steg på vegen er å slå Åsane 2, som vann naboavdelinga, i sum av borte og heimekamp.

I går spelte Os/Nore Neset den første kampen. Borte mot Åsane 2 blei det 1-0-tap etter skåring i 70. minutt.

Dette var betre enn Os hadde frykta og trudd.

– Åsane 2 har vist seg å vera svært sterke gjennom sesongen, og er det klart beste laget vi har møtt.

– Klubben har ein stor og god stall, og av spelarane vi møtte i går var det 8 sm har hatt speletid i 1. divisjon i år og 5 som har 15 kampar eller meir på nest øvste nivå.

– At vi søndag faktisk har ein reell sjanse til å vinna, hadde vi ikkje trudd! seier trenar Ørjan Sandal.

– Korleis opplevde du kampen?

– Eg synest første omgang var jamn, og at Åsane 2 var eit lite hakk betre enn oss etter pause. Dei hadde ballen mest og dei hadde flest skot p mål, men i mengda store sjansar hadde vi like mange.

Den største sjansen var då Åsane 2-keeperen hadde ein glipp i samband med eit tilbakespel. Ballen hamna brått hos Os-spelar Vy Nguyen.

– Eg trur ho blei overraska sjølv, for sjansen ho fekk, for ho avslutta tidleg. Ho kunne nok gått nokre meter til før ho skaut, men det heile skjedde litt brått.

– Vi hadde fleire større sjansar, og vi var farlege på cornerar. Klarer vi å prestera som i går så har vi sjanse til å vinna søndag.

Om Os klarer 2-0 søndag går dei vidare til kamp mot vinnarane i Sogn og Rogaland, der 2 av 3 lag går vidare etter éin kamp mot kvar.

Om Åsane skårer mål, tel bortemål meir enn heimemål, så då må Os opp i minst 3-1.

– Å unngå baklengsmål blir ikkje fokus. Skal vi ha noko å gjera i 2. divisjon må vi kunna slå Åsane 2 ved å spela på vår måte. Vi må uansett skåra fleire mål for å vinna, og vil prøva å spela den same offensive fotballen som vi normalt gjer, seier Sandal.

Kampen startar klokka 19 søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.