Fotball | 14. sep. 2021

Lokalrunden: To lag toppar tabellen

Det vart blanda drops frå breddefotballen i helga, men det ser ut som damelaget til Os har funne gull frå Rosendal.

Lokalrunden: To lag toppar tabellen
Ingeborg Sundal Ljostveit, her i serieopninga, skåra to mot Fana i går og to mot Bremnes onsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtirsdag 14. sep. 2021 10:54

Os A-lag spelte bortekamp mot FK Fyllingsdalen i helga. Det vart ein tett kamp som til slutt enda 2-1 til FK Fyllingsdalen.

– Dei starta betre enn oss og fekk eit mål på dødball. Men siste kvarteret kom vi oss og skapte nokre sjansar, men dei fekk eit mål til på noko som for meg såg ut til å vera på unødvendig vis, seier Os-trenar Endre Brenne.

Tropp og kampfakta.

Dette gjer at Os no står stille med åtte poeng, noko som resulterer i ein 7. plass på tabellen.

Os sitt herrelag skal gjennom nokre tøffe kampar dei neste rundane. Topplaget Frigg kjem til Kuventræ til helga, deretter ventar Lyn i Oslo og så kjem Stord på besøk til Kuventræ.

Neste kamp: Os - Frigg, lørdag 18. september kl 14.30.

Lysekloster tok imot Fana på lørdag. Det blei ein tung kamp for munkane, som til slutt enda 1-2 til bortelaget.

No ligg Lysekloster på 11. plass med sine 5 poeng. Det betyr at Lysekloster sin sesong no handlar mest om å unngå nedrykk.

Tropp og kampfakta

Neste kamp: Sandviken - Lysekloster, laurdag 18. september kl 14.00.

Os/Nore Neset - kvinner 3. divisjon

Damelaget til Os slo Bremnes 0-3 borte på onsdag. I går blei det 2-2 borte mot Fana, og Os overtok med det tabelltoppen.

– God kamp, god prestasjon og brukbart resultat. Men eg ser at viss eg hadde vore meir vaken i forhold til eit par taktiske justeringar, så hadde vi kunna fått eit betre resultat, seier Ørjan Sandal.

Ingeborg Ljostveit skåra to mål både onsdag og i går, og står no oppført med 5 mål på 4 kampar for sin nye klubb. Ljostveit har i sin forrige klubb, Rosendal, skåra heile 44 mål på 36 kampar. Dette lovar godt for dei gule og svarte.

– Ho er sterk og rask, kombinert med gode avslutningseigenskapar. Men ho spelar diverre med ein skade i ankelen denne hausten, så berre vent til ho vert smertefri, seier Sandal.

Tropp og kampfakta.

Neste kamp: Os/Nore Neset - Gneist, søndag 19. september kl 16.00.

Os 2 - 4. divisjon

Det vart ein tøff og hard kamp for Os 2 på søndag mot tabelljumbo Djerv. Med heile seks gule kort til heimelaget og to gule til bortelaget, ser det ut til å ha kokt godt på Kuventræ.

Dette resultatet gjer at Os 2 ligg på den øverste nedrykksplassen med ein førebels 5. plass i den vesle pulja.

Tropp og Kampfakta.

Neste kamp: Voss - Os 2, mandag 14. september kl 18.15.

Søre Neset - 5. divisjon

Søre Neset tok imot opprykksfavoritt Østsiden Askøy. Det endte med 1-3-tap for dei heilraude bjørnane. Det positive er at tidlegare Os-spelar Christer Olsen held fram med å skåra mål.

Søre Neset ligg med dette på ein 8. plass med fire poeng på fire kampar.

Tropp og kampfakta.

Neste kamp: BI Bergen - Søre Neset, fredag 17. september kl 20.00.

6. divisjon: Nore Neset

Nore Neset fekk besøk av Sotra 3 på lørdag.

Det endte med målbonanza og 6-1-siger.

Nore Neset viste styrke med heile fem ulike målskårarar, Vegard Hjelle scora to gongar.

Dette er ikkje Vegard Hjelle, men utviklingsansvarleg i Nore Neset, Martin Eidsvik.
Dette er ikkje Vegard Hjelle, men utviklingsansvarleg i Nore Neset, Martin Eidsvik.

Tropp og kampfakta.

Nore Neset toppar med dette tabellen og er i rute for direkte opprykk.

Neste kamp: Hasunds Hund - Nore Neset, laurdag 18. september kl 17.00.

Rundens høgdepunkt:

Det ser ut som Ingeborg Ljostveit er ei skikkeleg målmaskin, med 4 mål på dei 2 siste kampane, toppa denne runden. Ho er ei som kan bli eit trekkplaster på Kuventræ utover hausten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.