Lokal | 08. sep. 2020

Eit permanent torg?

Denne plassen får stå inntil vidare - men kva så?

Eit permanent torg?
«Nyetorget»: Kva skjer med denne plassen vidare? (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 08. sep. 2020 11:24

Fjordfolk har gjennom sesongen fått ansvar for arrangementa til Os Sentrumsforening.

Til Osdagane i juni fekk Fjordfolk løyve til å stenga av delar av området utanfor Oshjørnet, òg kalla Baronsgården.

Årets Osdagane skulle blitt ein del av ein ny festival, Folk & Fjord, men koronaviruset sette ein stoppar også for denne festivalen. I staden blei det smittevernvenlege «Sommergata»

Til det som fekk etterkvart fekk namnet «Sommergata» fekk Fjordfolk verken lov til å rigga scene, ha minikonsert eller arrangera moteshow, men ei gågate med noko lokal torghandel av mat - og med skapande aktivitet i Oshjørnet, var greit trass smittevernreglar mot koronaviruset.

Ved sidan av Makerspace/Skaparstova og graffitikurs vart parkeringsplassane utanfor Oshjørnet sete av til bord og benkar der kven som helst kunne setja seg ned med ein is, ein kaffi eller berre for å slappa av.

Då «Sommergata» vart runda av i slutten av juni kunne Christoffer Kobbeltvedt og Marthe Kristensen i Fjordfolk fortelja at dei hadde fått ordføraren med på å bruka desse parkeringsplassane til benkar og bord fram til 15. august.

Står til blomane forsvinn

18. august fortalde Fjordfolk at sommaren no var på hell, og etter at Os Sentrumsforening hadde arrangert «Sentrumslaurdag» 29. august skulle sentrum i stor grad tilbake til slik det var før sommaren.

– Ja, du kan nok seia at vi no køyrer ei sommaravslutting, før det nok vert meir tilbake til vanlege tilstandar i Os sentrum, sa Kobbeltvedt til Midtsiden då.

I dag, tre veker seinare, står plassen framleis.

Til Midtsiden kan seniorrådgjevar i Bjørnafjorden kommune, Lisbeth Axelsen, opplysa at kommunen i førre veke hadde seg ein runde i sentrum og såg på situasjonen.

– Vi flytta på ein del ting i gatene, men vi valde samstundes å la plassen framfor Oshjørnet få stå inntil vidare.

På spørsmål om dette kan bli ei permanent løysing vil Axelsen ikkje svara konkret, men ho kjem med ei «naturleg» tidsavgrensing;

– Eg må få lov til å skryta av dei flinke gartnarane vi har i kommunen som har planta opp sentrum. Mange har hatt glede av blomane og blomsterkassane som har pryda sentrumsbildet denne våren og sommaren.

– Eg tenkjer at plassen framfor Oshjørnet i alle høve skal få stå slik den er no, fram til blomane er ferdige å bløma. Når den tid kjem får vi ta ei ny vurdering. Tilbakemeldingane, spesielt på «det nye torget» ved Oshjørnet har i alle høve vore utelukkande positive.

Eit yrande folkeliv i sentrum. Her frå marknadsdagane i 2012. (Foto: KVB)
Eit yrande folkeliv i sentrum. Her frå marknadsdagane i 2012. (Foto: KVB)

Står inntil vidare

Ordførar Trine Lindborg (Ap) deler Axelsen si begeistring for plassen framfor Oshjørnet.

– All ære til gartnarane våre for korleis dei har pynta sentrum, og ikkje minst rundt denne plassen. Det har vore ein jamn straum med positive tilbakemeldingar på å ha denne møteplassen gjennom sommaren. Eg kan ikkje hugsa å høyrt noko negativt om løysinga.

Heller ikkje Lindborg kan gje eit konkret svar på om plassen si framtid.

– Vi ha det første møtet i Liv i Bjørnafjorden-utvalet tysdag 8. september, og då tenkjer eg at nettopp denne plassen etterkvart blir eit tema. Samstundes må vi hugsa på at det ikkje lenger er eitt, men to sentrum vi skal forholda oss til etter kommunesamanslåinga.

Tilbake til dette? Her frå 2018. (Arkivfoto: AH)
Tilbake til dette? Her frå 2018. (Arkivfoto: AH)

• Les òg: Ny plan for Baronsgården

Ønsker ei permanent avklaring

Christoffer Kobbeltvedt i Fjordfolk noterer seg at plassen framfor Oshjørnet framleis ikkje er tilbakeførd til utgangspunktet.

– Først av alt må vi få takka ordførar Trine Lindborg og varaordførar Mikal Leigland (Sp) for at dei tok ei kjapp avgjerd då vi søkte om å få stenga av plassen i juni. I tillegg har jo plassen fått utvida levetida si to gongar til etter det.

– Når det er sagt, skulle vi i lys av at vi no utfører oppdraga for Os Sentrumsforening, gjerne ha sett at plassen kunne fått ei meir permanent avklaring.

Kobbeltvedt understreker at Fjordfolk ikkje har beslutningsmynde rundt arealbruken i Os sentrum.

– Det einaste vi kan gjera er å formidla korleis dette, la oss kalla det «nye torget», har blitt motteke og korleis det kan nyttast vidare.

Møteplass med juletre?

– Frå vår side, som arrangør for Os Sentrumsforening, gjev denne plassen oss moglegheita til å strekka sentrum litt, og gje meir plass til publikum og kundar. Spesielt ser vi at denne arealbruken gjør sentrum meir tilrettelagd for både dei minste og eldste blant oss.

– Tilbakemeldingene på torget har vært overveldande, og plassen blitt ein ny møteplass i sentrum som folk set utruleg pris på. Gjennom heile sommaren har folk sete på benkane og spist is, lunsj, skravla og kost seg i sola.

Kobbeltvedt seier at Fjordfolk og Os Sentrumsforening gjerne skulle sett at arealet kan nyttast fram til arbeidet med Baronsgården vert sete i gang.

– Dette arealet gjev oss moglegheita til å planleggja gode handelsdagar i sentrum, også i den tida vi opplev no med korona og restriksjonar. Men då er vi er avhengige av ei avklaring på korleis bruken skal være fremover for å kunne planleggja.

Med jula knappe tre månadar unna er det mykje som er uklart kring Julemarknadsdagar eller ikkje, men Kobbeltvedt har eitt klart ønske for julemarkeinga i Os sentrum;

– Vi ønskjer å flytta juletreet frå plassen ved sidan av Havnechefen til dette nye torget. Her vil det koma meir til sin rett etter vår meining. Dette er ein detalj i ein større plan for korleis vi ser føre oss sentrum i desember, men akkurat no er mykje av dette på teiknebrettet.

– Vi er nøydde til å forholda oss til retningslinene rundt smittevern, noko som set begrensningar for aktivitetar i sentrum til det minimale. Då kan eit juletre med god plass rundt seg vera eit positivt innslag i ei krevjande tid, avsluttar Kobbeltvedt.

Tenning av juletrelysa på torget i 2011. (Arkivfoto: KVB)
Tenning av juletrelysa på torget i 2011. (Arkivfoto: KVB)


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.