Elias skåra 4 mål for Brann 2

Måljegeren frå Os gjer god figur i SK Brann.

Elias på Kuventræ i januar, etter å ha signert med Brann. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 22. aug. 2021 09:26

Elias Heggland Myrlid (19), som gjekk til Brann i vinter, har halde opp den enorme målteften han hadde på Os.

I går skåra han 4 mål for Brann 2, som slo Årdal 8-0 i Os si 3. divisjonsavdeling.

– Vi visste kva som møtte oss, det blei ein kamp mot etablert forsvar. Men det er vi vant med, seier Elias.

Elias skåra desse måla: 2-0, 4-0, 6-0 og 7-0, to før pause, to etter.

– Det viktigaste på ein fotballbane

I fjor haust, då seniorfotballen var pandemistengt, skåra Elias 17 mål på 9 kampar for Os sitt juniorlag.

Totalt på 52 kampar sidan 2018 har han skåra 56 mål, noko som gjorde at SK Brann inviterte til trening.

– Elias har gjort eit veldig godt inntrykk. Han er ein spelar som er veldig god i boks, har ei eiga evne til å lukta mål. Han har vist at han kan gjera det viktigaste i fotball, nemleg skåra, sa Brann 2-trenar Azar Karadas til Midtsiden i januar, etter at Elias hadde signert kontrakt.

No er Elias ein av Brann 2-spelarane som er B-lista. Å vera B-lista betyr at du har lov å spela Eliteserie eller OBOS, altså at A-laget har lov å bruka deg til inntil tre kampar utan å signera proffkontrakt.

Elias er B-lista på Brann 2, altså eitt steg nærmare A-laget til Brann. (Foto: SK Brann)

23 mål på 13 kampar i år

I vårsesongen, før Norsk Tipping-ligaen opna etter pandemien, har Elias spelt for Brann sitt juniorlag, både i lokal G19-serie og nasjonal juniorserie.

Der har det blitt totalt 18 mål på 11 kampar. Til no i Norsk Tipping-ligaen står han med 5 mål på 2 spelte kampar.

– Korleis har du det i SK Brann?

– Veldig bra! Vi er ein ung gjeng, frå 15 til 19 år, som har trent mykje og hardt, opptil 10 økter i veka, i vinter.

– Merker du at du har hatt god utvikling?

– Ja, på fleire måtar. Med meir trening har eg blitt sterkare og fått betre kondisjon, i tillegg har teknikken blitt betre, synest Myrlid.

No gler han seg til neste kamp, som går mot Lysekloster søndag om ei veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.