Lokal | 07. mai 2018

Elin Tuft fekk jobben som SLT-koordinator

Etter 12 år i politiet er Tuft i gang som tverrfagleg koordinator av rus- og kriminalitetsforebyggande arbeid i Os kommune.

Elin Tuft fekk jobben som SLT-koordinator
Elin Tuft er tilsett i nyoppretta stilling som SLT-koordinator i Os kommune. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. mai 2018 13:08

I januar 2017 sendte Os kommune søknad til Helsedirektoratet om finansiering av ei stilling for SLT-koordinator i kommunen.

SLT står for «samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggande tiltak». SLT-modellen er i hovudsak retta mot born og unge, ikkje på individ-nivå, men for å sikra god dialog på tvers av einingar, frå politi, helse, barmevern og skule til NAV og frivillige organisasjonar.

– Eit hovudpoeng med SLT-modellen er at den er leiingsforankra i både kommune og politiet. Det er difor den blir kalla ein samordningsmodell, ikkje ein samarbeismodell. Tverretatleg kjennskap og samarbeid avgjerande viktig for at forebyggingsarbeid skal lykkast. Då er det ikkje nok med entusiasme, det trengs ein struktur, skreiv Os kommune i søknaden.

Elin Tuft har fått jobben og byrja i den nye stillinga siste veka i april.

Tverrfagleg erfaring frå Bergen

Elin har vakse opp i Fusa og bur no i Os. Ho gjekk rett frå Politihøgskulen til jobb ved Os lensmannskontor i 2006. Etter tre år i Os byrja ho å jobba i ungdomsseksjonen ved Bergen sentrum politistasjon.

– Der jobba vi i team, inndelt etter bydelar, og dreiv både med patruljering, etterforsking, avhøyr og bekymringssamtalar. I fleire samanhengar hadde vi tverrfagleg samarbeid, fortel den ferske SLT-koordinatoren til Midtsiden.

– Det var spesielt å gå ut av etaten eg har jobba for i 12 år, men samtidig merkte eg at eg blei meir og meir interessert i det tverrfaglege forebyggande arbeidet.

Systematisk innsats i tre nivå

SLT-modellen deler arbeidet inn i tre nivå:

1. Det styrande nivået, med politirådet (politi saman med leiinga i kommunen) som ei styringsgruppe.

2. Koordineringsgruppa, som skal styra den praktiske koorineringa av prioriteringer og fullmakter frå styringsgruppa. Koordineringsgruppa skal òg bestå av besluttingstakarar, mellom anna einingsleiarar, for å sikra effektive prosessar.

3. Det utførande nivået. Består av aktørar som er i direkte kontakt med born og unge. Det kan vera både politi og tilsette i ulike einingar i kommunen, men òg ulike lag og organisasjonar.

– Vi har allereie hatt første møte i styringsgruppa, og eg jobbar no med å setja saman koordineringsgruppa. Målet er å få ei god samansetjing av denne, og at gruppa skal ha møte med jamn frekvens.

– Eg ser fram til det vidare arbeidet, og til å besøka ulike einingar og organisasjonar for å bli betre kjent, seier Tuft.

Eit system for det samansette

Då lensmann Oddbjørn Dyrdal i februar la fram statistikk for 2017, nemnde han den komande SLT-koordinatoren som ein forebyggande faktor han såg fram til å få på plass.

– Ofte kan situasjonen til dei involverte vera samansette, at dei frå før er i ein vanskeleg livssituasjon. Med ein konkret kontaktperson trur eg det tverrfaglege samarbeidet for innbyggarane våre vil bli endå betre, sa lensmann Dyrdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.