Sport | 12. jan. 2020

EM-bronse i lagtempo

Det blei ei god helg i Heerenveen for Lunde Pedersen.

EM-bronse i lagtempo
Det blei 4. plass, 6. plass og bronse på Sverre i EM. No ventar VM enkeltdistansar i USA. (Foto: Kristian Vårvik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. jan. 2020 21:04

Fredag gjekk Sverre Lunde Pedersen, som har fått sesongstarten øydelagt etter uhell på sykkel tidlegare i haust, 1500 meter i EM enkeltdistansar.

Han var nær medalje, men hamna på 4. plass.

To sekund frå medalje på 5000 meter

Laurdag sto 5000 meter for tur. Han rekna med at han hadde større medaljesjanse her. Sverre gjekk i fjerde av åtte par, og låg på førebels 2. plass med tida 6:14.58.

Men både Jorrit Bergsma og Danila Semerikov var raskare. Det same var Patrick Roest, som vann med tida 6:08.92 og sette ny banerekord.

Sven Kramer tok 2. plass (6:10.76), Denis Yuskov fekk bronse (6.12,26)

Lunde Pedersen landa på 6. plass, men var berre to sekund bak medalje.

Tre dagar med opptur

Noko av det Sverre har slite med i starten på sesongen, er hodepine og restitusjon etter konkurranse.

Denne helga har ikkje berre resultata vore gode, Sverre har opplevd betre restitusjon frå dag til dag.

– Eg er positivt overraska. Kroppen har fungert bra alle dagar, og endå litt betre søndag, seier Sverre til BT.

I dag gjekk han inn på 3:43.39 til bronse i lagtempo saman med Bøkko, Engebråten og Ulekleiv.

Nederland vann (3:40.63), Russland tok 3. plass (3:42.48) og Italia, Kviterussland og Polen hamna bak Noreg.

USA neste

No skal Sverre heim til Norge, før turen går vidare til VM enkeltdistansar i Salt Lake City.

– Først blir det ei veke i Bergen, så drar eg til Stavanger for å trena. Fredag 24. januar går turen til USA og Salt Lake City, der blir eg verande til 17. februar.

– Etter dette får eg eit par dagar i Bergen før eg reiser til allround-VM på Hamar (28/2-1/3), sa Sverre til Midtsiden onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.