EM: Sette banerekord i Heerenveen

God start for både herrane og damene i Nederland.

Sverre, her i trening i Stavanger hausten 2020. (Foto: Kristian Vårvik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. jan. 2022 09:44

Denne helga går EM på skøyter av stabelen i Heerenveen i Nederland.

Meisterskapen starta med lagtempo.

Noreg tok 2. plass og sette ny norsk rekord (3:36.242) i begge dei to verscupane i Nord-Amerika før jul.

Isen i USA og Canada er kjent for å vera rask, men det gjekk fort også i Heerenveen i går.

Sverre Lunde Pedersen gjekk som anker saman med Allan Dahl Johansson og Hallgeir Engebråten.

Dei gjekk i mål på tida 3:38.920, som er ny banerekord.

Eller var.

I neste omgang kom nemleg vertsnasjonen og slo den rykande ferske rekorden med neste eit sekund.

1. Nederland (Kramer, Bosker og Roest) 3:37.975
2. Norge (Johansson, Engebråten og Pedersen) 3:38.920
3. Italia (Giovannini, Ghiotto og Malfatti) 3:43.416
4. Polen
5. Hviterussland

– Eg kjenner at formen er god og at kroppen fungerer, seier Sverre til BT etter løpet.

Bronse til damene

Den unge Fana-løparen Julie Nistad Samsonsen (21), som har far frå Os, var med på laget som tok bronse i kvinnene sin lagtempo.

Ho kjempar seinare i dag om å kvalifisera seg til OL på 500 meter.

Sverre går 5000 i ettermiddag

Sverre, som var del avførste OL-uttak, går 5000 meter i ettermiddag.

Der går han i femte par mot italienske Andrea Giovannini.

TV3 sender frå EM. 5.000-meteren startar klokka 15.28.

Dette er Sverre sine resultat tidlegare i sesongen:
5.000 m Salt Lake City: 6:15.116 og 8. plass i divisjon B
5.000 m Calgary: 6:14.320 og 7. plass i divisjon B

Sverre si personlege bestenotering på 5.000 meter er 6:07.16 (VM-gull, Inzell, februar 2019).

Berre Sven Kramer (6:03.32) og Patrick Roest (6:03.70) av dagens 16 deltakarar har gått fortare før.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.