Sport | 06. feb. 2017

Emil kvalifisert for landsdelsmønstring

Emil Austevoll Harlem er blant dei fremste svømmarane på Vestlandet - og i Noreg. Til helga deltar han i LÅMØ.

Emil kvalifisert for landsdelsmønstring
Emil Austevoll Harlem i trening i Osbadet torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. feb. 2017 10:49

Bildeserie:

Trass «berre» tre treningsøkter i veka, ved sidan av fotball, gjer Emil det skarpt. (Foto: KVB)
Trass «berre» tre treningsøkter i veka, ved sidan av fotball, gjer Emil det skarpt. (Foto: KVB)
Fleire av dei andre aktive ungdomane var nær på å kvalifisera seg. (Foto: KVB)
Fleire av dei andre aktive ungdomane var nær på å kvalifisera seg. (Foto: KVB)
I LÅMØ må du kunna både butterfly, crawl, bryst og rygg. (Foto: KVB)
I LÅMØ må du kunna både butterfly, crawl, bryst og rygg. (Foto: KVB)
– Vi snakkar ikkje svømming i bilen eller heime, seier Thomas om det å trena sin eigen son. (Foto: KVB)
– Vi snakkar ikkje svømming i bilen eller heime, seier Thomas om det å trena sin eigen son. (Foto: KVB)
1 av 4
Trass «berre» tre treningsøkter i veka, ved sidan av fotball, gjer Emil det skarpt. (Foto: KVB)
Fleire av dei andre aktive ungdomane var nær på å kvalifisera seg. (Foto: KVB)
I LÅMØ må du kunna både butterfly, crawl, bryst og rygg. (Foto: KVB)
– Vi snakkar ikkje svømming i bilen eller heime, seier Thomas om det å trena sin eigen son. (Foto: KVB)

Emil Austevoll Harlem (fødd 2005) er kvalifisert til årets LÅMØ, Norges Svømmeforbund si landsdels årsklassemønstring for dei beste svømmarane mellom 10 og 15 år.

For å kvalifisera seg til landsdelsmønstring må utøvarane svømma 400 fri, 200 rygg, 200 bryst, 200 medley og 100 meter butterfly.

– Eg liker alle greinene like godt. Akkurat no svømmer eg best i crawl og rygg, men har hatt mest framgang i bryst, seier Emil til Midtsiden.

Det blir rekna ut ein poengsum på dei fire øvingane, der tida du har blir avrekna mot gjeldande verdsrekord (som er 1000 poeng). Dei 24 beste poengsummane gir kvalifisering til landsdelsmeisterskap.

Rangert som nummer 4

I fjor stilte Os Svømmeklubb med fleire deltakarar. Alle sette ny personleg rekord og Emil kom på 3. plass i region vest (Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane).Før LÅMØ til helga er han rangert som nummer 4.

I år er deltakarane eldre, trener hardare og konkurransen er tøffare. Både Janne Holm, Tracy Holm og Emma Skarstein Kjetland var nær på å kvalifisera seg i 2004-klassen, Emil var den einaste som nådde heilt opp.

• Les òg: Tracy slo Ariel sin rekord - i Ariel si drakt

– Han har hatt stor framgang den siste tida, i alle øvingar, og har både god uthaldande styrke og svært god teknikk, seier trenar og pappa Thomas Harlem.

– Frå dei er 13 år gjeld også landsdelsmønstringa som kvalifisering inn mot ein nasjonal årsklassemeisterskap. Emil er for ung for dette i år, men ligg veldig godt an på den nasjonale rankinga òg.

Snakkar ikkje om svømming heime

Emil har eit godt utgangspunkt, også i genane. Pappa Thomas var på juniorlandslaget, vann fleire NM-gull, sette norske rekordar på 80-talet og svømte E-cup på 90-talet - mamma Elin Austevoll frå Os er tidlegare OL-deltakar og har over 100 norske meisterskap bak seg.

– Det kan vera både kjekt og litt krevjande å vera trenar til sine eigne ungar, seier Thomas, mens Emil sin veslebror Jacob (9) nett har vore på si tredje svømmetrening.

– Eg synest det går heilt fint, seier Emil.

Thomas og Elin starta Os Svømmeklubb for 10 år sidan, nokre månadar etter at Osbadet opna, og er framleis aktive instruktørar i klubben.

– For å få eit skilje mellom det å vera trenar og det å vera foreldre så har vi ein regel om ikkje å snakka svømming heime eller i bilen på veg heim frå trening.

Fleire dyktige utøvarar og instruktørar

Os Svømmeklubb har i dag rundt 10 svømmarar i A-gruppa.

– Vi har deltatt på en del stemne i haust, og framgangen hos konkurranseutøvarane har vore formidabel.

– I tillegg til Emil, Janne, Tracy og Emma, gjer også Haakon Strømland Johnsen (2002), Even Haarstad (2004) og Sindre Haarstad (2006) det godt.

Mens Elin har hovudansvar om måndagen er det Thomas som instruerer om torsdagen. Tysdagane er det Oddrun Hallås som er trenar.

– Ho er førstelektor på Høgskulen på Vestlandet, med idrett som sitt fag. Vi har også ei stor B-gruppe med yngre utøvere, desse trener 1-2 gongar i veka.

Trener sjeldnare for å halda ut lengre

12-13-åringane i Os Svømmeklubb har no kome i ein alder der fleire konkurrentar no spissar det inn mot éin idrett og trener nesten kvar dag.

I Os trener dei tre dagar i veka og fleire av utøvarane driv med andre idrettar ved sidan av.

– Svømming er ein idrett som krev mykje trening for å bli god, både for å få rett teknikk og god fysisk form.

– Men det er lett for å gå i fella med for store treningsmengder i ung alder, noko som dessverre kan føra til at utøvarane blir lei og sluttar. Vi ønskjer dessutan å legga til rette for at ungane driv fleire idrettar, men køyrer samtidig høg kvalitet og intensitet på dei tre øktene vi har, seier Harlem.

Emil er aktiv med fotball 2-3 dagar i veka ved sidan av svømminga.

– Det går heilt fint, men eg merker forskjell på måndagstreninga og dei to andre. Måndagen kjem eg rett frå fotball og inn i bassenget, då har eg ikkje fullt så mykje energi som elles.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.