Korona | 29. mai 2021

Pasient smitta

Fjerde smittetilfelle på Luranetunet.

Pasient smitta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. mai 2021 17:22

Ein pasient på Luranetunet har fått påvist covid-19, opplyser Bjørnafjorden kommune.

Vedkomande er ikkje ein fast bebuar, og fullvaksinert.

Vedkomande er ein av dei på avdelinga som blei testa etter at ein fullvaksinert tilsett torsdag fekk påvist smitte.

Dette er det fjerde smittetilfellet i dette utbrotet.

Til no er to tilsette, ein bebuar og ein pasient smitta. Ein av dei tilsette er einaste som ikkje er fullvaksinert.

– Vi trur smitta kjem frå ein som ikkje var fullvaksinert, seier assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.