Lokal | 19. juli 2019

Er skriven ut frå sjukehus i dag

Redda seg ut av røykfylt bustad i går.

Er skriven ut frå sjukehus i dag
Mor og son kom seg ut på eiga hand. Brannvesenet frå Os og Bergen var inne med fleire røykdykkarlag for å sløkka brannen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. juli 2019 09:18

Torsdag i 12.40-tida byrja det å brenna i ein einebustad i Kuventrævegen.

– Det var vaktselskapet som meldte om brannen, fortel plitiførstebetjent Thomas Juulseth ved Os lensmannskontor.

– Alarm var utløyst og vaktselskapet hadde snakka med dei som var i huset. Dei fortalde om opne flammar og mykje røyk.

Mor og son var åleine i huset. Begge berga seg ut og sto utanfor då brannvesenet kom til staden. Brannen blei meldt sløkt klokka 13.30.

Ei natt på overvaking

Både ambulanse og legevakt rykte ut. Dei to blei sjekka av helsepersonell på staden.

Etter ei stund blei kvinna køyrd med ambulanse til Haukeland universitetssjukehus for sjekk, då ho hadde pusta inn noko røyk.

Sambuar opplyser til Midtsiden at kvinna er skriven ut i formiddag.

Uvisst kva som er årsaka

Bustaden er stengt av og politiet vil følgje opp med fleire undersøkingar i dag.

– Det er førebels uvisst kva som er brannårsaka, seier Juulseth.

Politiet vil ikkje ut med kva informasjon dei fekk i første samtalar med kvinna i går, eller kva rom detbyrja å brenna i.

– Det er litt for tidleg. Vi skal i fleire samtalar med dei som bur i huset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.