Er vi klar for endringar?
Folkemøte om samfunnsplanen: Er vi klare for å bryta utsynet frå gjestebrygga med bølgjedemparar, eller bygga 12 etasjer i sentrum?
Bildeserie:
Engasjementet på folkemøtet kommunen inviterte til om samfunnsdelen i kommuneplaen var stort, men evnar vi å ta innover oss dei endringane og utfordringane som ligg fram mot 2040.
– Eg har lyst til å utfordra dykk litt på hamnebassenget.
– Kommunen ønskjer å gjera det indre hamnebassenget meir attraktivt ved å temja fjorden med bølgjedemparar.
– Korleis vil vi visuelt oppleva det. Det vil gjera noko med bilete av det frie utsynet vi har over fjorden og fjella i dag, påpeika ordstyrar og ordførar Terje Søviknes (Frp), som ikkje fekk noko direkte svar i møtet.
Lag 3D-illustrasjonar
Svar fekk han derimot då han utfordra byplanleggar i Arendal og arkitekt Michael Fuller-Gee på kva høgder han meinte Osøyro tåler på husa.
– Du har gått rundt og sett på Osøyro tidlegare i dag. Kva meiner du vi tåler av høgder?
– I Arendal har vi høgdeskrekk og hadde i utgangspunktet maks fire høgder.
– Eg vil rå dykk til å laga ein 3D-modell kor ein testar ut forskjellige høgder. Då vil ein kunne sjå korleis det påverkar skygger og utsyn.
– Nokre plassar vil ein sjå at ein kan gå høgre kanskje opp i 6-8 etasjar, medan andre stader bør ein halda seg lågare.
– Vi gjorde det i Arendal og teikna inn alt frå 2 til 13 etasjer. Det enda med at vi landa på 7 der vi hadde teikna 13, forklarte Fuller-Gee.
Os sin identitet
Arkitekt Bent Helén var òg blant dei som utfordra i møtet, men den utfordringa gjekk meir til administrasjonen og politikarane enn til forsamlinga.
– Sist det var eit folkemøte var vi veldig inne på identitet.
– Ein bør like gjerne laga modellar for identitet, no er det veldig ein planprosess som manglar nerve.
– De må skapa ein Os-identitet og få fram kva den er, utfordra Helén som blei forsikra av plan- og utviklingssjef Aina Tjosås at dei hadde sett det same og diskutert det.
Tak vare på det viktigaste
Byplanleggaren frå Arendal var òg eining.
– Identitet er veldig viktig. De har vatnspigelen, som noko av det første eg la merke til då vi gjekk rundt tidlegare i dag.
– De har nokre veldig fine bygningar, innimellom. Gjer ei kulturhistorisk analyse og ta vare på det som betyr mykje.
– Men ein treng kanskje ikkje fem like bygningar, det held kanskje å ta vare på eitt, påpeikte Fuller-Gee.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.