Lokal | 03. okt. 2012

ESA: Forbodet er ulovleg

Har opna sak: Noreg sitt forbod mot vassjet er ulovleg, skriv ESA i brev til norske styresmakter.

ESA: Forbodet er ulovleg
Vassjetkjøring utanfor Haugland i sommar. Ulovleg, eller kanskje lovleg? (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. okt. 2012 11:13

EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, har ifølgje VG.no i dag sendt brev til norske styresmakter der dei er tydelege på at det norske forbodet bryt med EØS-avtalen sine reglar om fri bevegelse av varer.

Det er VG.no som skriv dette i dag.

Dette er heilt i tråd med det vassjet-kjørarar, forhandlarar og andre motstandarane av dei norske reglane har sagt vil skje:

– Vassjet blir lovleg!
– Forbodet vil synka som ein stein

ESA har fleire innvendingar mot dei norske reglane, blant anna at dei er lite konsekvente.

- Bruk av vassjet er forbode der det er lov med fritidsbåtar med motor.

Noreg har no to månadar på seg å svara på opningsbrevet, som er første steg i ein "traktatbruddprosedyre". Om det ikkje kjem ei løysing kan neste steg bli at Noreg blir tatt inn for EFTA-domstolen.

Her kan du lesa det formelle opningsbrevet (pdf)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.