Politi | 26. juli 2021

Etterforskar «kort» biltjuveri

Politiet fekk i går melding om tjuveri av både bil og kjenneteikn på MC.

Etterforskar «kort» biltjuveri
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. juli 2021 09:26

I 13-tida søndag fekk politiet melding om tjuveri av bil.

– Bilen blei funnen ikkje så langt frå der den blei tatt. Vi har oppretta sak, og har ein mistenkt, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

I 17-tida fekk politiet melding om tjuveri av kjenneteikn på ein tung motorsykkel.

Motorsykkelen sto parkert i Moberg-området.

Måndag i 10.30-tida fekk politiet melding om ein trailer som køyrde vinglete på E39 Halhjemsvegen retning sør.

– Trekkvogna er registrert i Belgia. Den reiste med med ferja, så vi har tipsa politiet på Stord, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.