Musikk | to timar sidan

Etterlysing: Musikalske talent skal få plass på scenen med HM Johnsen

– Eg vil gi andre sjansen eg sjølv hadde, til å stå på ein stor scene, gjerne saman med erfaren backing, anten du er vokalist eller speler eit instrument.

Etterlysing: Musikalske talent skal få plass på scenen med HM Johnsen
I starten på desember skal Hans Marius Johnsen innta Oseanasalen igjen. Kjenner du ein ungdom som bør vera gjesteartist? Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 18. aug. 2026 11:32

Den første torsdagen i desember speler Hans Marius «HM» Johnsen, konsert i Oseana. Der vil han setja av tid til unge, talentfulle gjesteartistar. Kven dei er, veit han ikkje enno.

– Eg ønskjer at yngre musikarar og vokalistar velkomen til å ta kontakt, senda video og presentera seg, anten dei er vokalistar eller speler instrument.

Utvalte ungdomar vil få sjansen til å bruka scenen saman med HM Johnsen og bandet hans, som backing.

– Sjølv fekk eg liknande sjanse fleire gongar, både i Tunet, på rockegalla, under UKM, Osøren Blues & Jazzfestival og Osfest. Eg fekk òg gleda av å spela med Frode Alnæs, då han ville ha med seg ein ung, lokal gitarist under konsert i Oseana for åtte år sidan.

– Anten du går på kulturskulen, speler i musikkbingane eller sit heime i stova og syng eller speler – ta kontakt, vis kva du kan, kanskje kan vi framføra fin musikk saman! oppfordrar han.

Hans Marius Johnsen vaks opp i Øyane. Han blei sett på som eit unikt gitartalent, og fekk spela under blues- og jazzfestivalen, for et kresent, men imponert publikum, som 14-åring.

Seinare fekk han stipend og prisar, supplerte med song og låtskriving, og har gitt ut fleire album. Han har spelt over hundre konsertar i inn- og utland.

– Du skal òg spela din eigen musikk, kor stor del av kvelden vil du setja av til dei unge gjesteartistane?

– Det kan bli rundt ein fjerdedel av kvelden. Samla sett blir det noko unikt og lokalt.

Sånn såg det ut sist HM Johnsen spelte i Oseanasalen:

Frå før har han etablert kontakt og samarbeidsavtale med Bjørnafjorden kulturskule.

– Dei vil stilla med koristar til resten av konserten min. Heile overskotet frå konserten går til kulturskulen.

– Kjem det mykje folk så kan det bli ein ganske bra sum.

«HM Johnsen er ein artist og låtskrivar som rører seg i landskapet mellom pop, indie, soul og blues. Med eit uttrykk prega av sterke melodiar, ærlege tekstar og organiske arrangement har han bygd eit musikalsk univers som kjennest både personleg og tilgjengeleg» står det i presentasjonen av konserten.

– No gler eg meg til å sjå kva som kjem inn frå unge musikarar i bygda! seier Hans Marius.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?