Samferdsle | 05. mai 2022

Eventuell buss-streik vil (nesten) ikkje ramma Os

Skyss ramsar opp rutene som kan bli ramma laurdag.

Eventuell buss-streik vil (nesten) ikkje ramma Os
Os terminal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mai 2022 10:11

Det er brot i forhandlingane i tariffoppgjeret for bussjåførar. Det er fare for streik frå laurdag morgon. Ein eventuell streik vil få store konsekvensar for kollektivtilbodet i Bergen.

Partane i konflikten har møte hos riksmeklaren med frist for ei løysing fredag 6. mai klokka 24. Dersom partane ikkje blir einige, vil bussjåførar og bybaneførarar gå ut i streik frå laurdag morgon 7. mai.

Dersom det blir streik, har fagforbunda varsla at det er tilsette i selskapet Keolis som vil bli tatt ut i denne omgangen. Dette vil føre til full stans for Bybanen og for deler av busstrafikken i Bergen.

Skyss held seg spelereglane som gjeld ved ein lovleg arbeidskonflikt og set ikkje inn ekstra kapasitet.

– Vi minner om at reisegarantien ikkje gjeld ved streik, opplyser Skyss i ei pressemelding.

– Vi oppmodar alle som skal reise til å følge med i nyheitsbildet i media om utviklinga. Vi vil oppdatere skyss.no så snart som mogleg når vi veit utfallet av meklinga.

Skyss gjer også merksame på at stans i trafikken på desse linjene kan gi ringverknader for kapasiteten på andre busslinjer.

OPPDATERT: Blant linjene som er ramma, er ingen innom Bjørnafjorden kommune. Men folk frå Lysefjorden som skal til by'n, og skiftar til Bynanen ved Lagunen, må finna seg alternativt transportmiddel.

Desse linjene vil ikkje gå dersom det blir streik:

1 Bybanen: Bergen sentrum – Bergen lufthavn
6 Birkelundstoppen–Lyngbø
10 Mulen–Søndre Skogveien/Wergeland
11 Nordnes–Starefossen
12 Montana–Lønborglien
13 Bergen sentrum–Solheimsviken
14 Bergen busstasjon–Bønes o/Fjøsanger
15 Bergen sentrum–Bønes o/Øvre Kråkenes
16E Nesttun–Helldalsåsen–Øyjorden
18 Formanns vei–Barliveien
20 Storavatnet terminal–Haukeland sjukehus
21 Lagunen–Haukeland sjukehus–Bergen busstasjon
24 Olsvik–Loddefjord terminal–Oasen terminal
25 Haukeland sjukehus–Bønes–Oasen terminal
28 Oasen terminal–Haukeland sjukehus
40 Storavatnet terminal–Olsvik–Bergen busstasjon
40E Olsvik–Bergen busstasjon ekspress
41 Hetlevikåsen–Loddefjord terminal
42 Alvøen–Loddefjord terminal
43 Tyssøy–Loddefjord terminal
44 Gravdal–Lyngbø–Nipedalen
45 Loddefjord terminal–Skålevik–Loddefjord terminal
46 Løvstakkskiftet–Oasen terminal
47 Sandeide terminal–Bergen busstasjon
48 Løtveit–Oasen terminal
55 Bønes–Sandsli
81 Nattlandsfjellet–Mannsverk
82 Grønnestølen–Wergeland

Skuleruter: Dersom ein eventuell streik varer over helga, vil ein del skuleruter bli ramma frå måndag. Dei aktuelle skulerutene har linjenummer 49.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.