Samferdsle | 18. feb. 2022

– Er uroa for byte frå kollektiv til elbil

Talet på kollektivreisande litt opp igjen.

– Er uroa for byte frå kollektiv til elbil
Os terminal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. feb. 2022 12:26

Totalt var det 61,7 millionar påstigingar på buss, båt og bybane, mot 53,9 millionar i 2020.

I 2019 var talet 82,5 millionar.

Tala for 2021 var dermed 14 prosent høgare enn 2020, men framleis kring 25 prosent lågare enn «normalåret» 2019.

Buss i bergensområdet (utanom Bergen kommune)
2019: 50 477 000
2020: 32 462 000
2021: 37 967 000

Bybane
2019: 18 655 000
2020: 12 425 000
2021: 13 901 000

Ferje (heile Vestland, passasjerar)
2019: 5 107 000
2020: 4 787 000
2021: 5 100 000

Ferje (heile Vestland, personbilar)
2019: 3 942 000
2020: 3 651 000
2021: 3 910 000

I 2020 var det nær 14 millionar påstigingar på Bybanen, framleis mykje lågare enn toppåret 2019 då det var 18,7 millionar, men ein auke frå 12,4 millionar i 2020.

Bybanen utgjorde 27 prosent eller over ein fjerdedel av alle kollektivreisene i bergensområdet i 2021.

Statistikken over påstigingar syner ein gjennomsnittleg oppgang på 16 prosent for buss.

Totalt føregjekk 85 prosent av kollektivreisene i bergensområdet.

– Uroa for byte frå buss til elbil

Tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikken (OFV) syner at det vart registrert 25 prosent fleire bilar i Noreg i 2021 enn i 2020.

Elbil utgjer 65 prosent av dei nye personbilane, som tyder at veksten i personbilsalet vert driven av elbil. Ruter har gjort undersøkingar som syner at i deira område har prosentdelen som ikkje har eigen bil gått ned det siste året, medan prosentdelen elbileigarar har auka. Dette kan tyde på at elbil tek reisande frå kollektivtrafikken.

– Dette var ei forståeleg endring under pandemien, då me vart rådd frå å reisa kollektivt. Men, det er ikkje ei berekraftig utvikling framover, og den må brytast, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Elbil-insentiva er sterke i Noreg, og elektrifisering av bilparken er naudsynt for å nå klimamåla, men dersom det fører til meir biltrafikk, får vi problem, særleg i byområda.

For mange bilar på vegane skapar kø for alle køyretøy, også dei som ikkje er utsleppsfrie, og det skapar problem for kollektivtrafikken.

– I tillegg er det lett å gløyme at det blir meir svevestøv frå asfalt og bildekk. Vi er uroa for at folk byter ut buss med elbil med godt samvit.

Dersom ein del av passasjernedgangen skuldast at reisande har kjøpt seg bil, vil det ta lang tid å vinne dei tilbake på buss og bybane.

– Modninga av elbilteknologien, norske elbilinsentiv og koronapandemien kan dermed vise seg å vere ein perfekt storm som har råka kollektivtrafikken og som vi kan kome til å slite med i år framover, seier Askeland.

Lite endring for båt

Båtrutene hadde nær 1,2 millionar reisande i heile Vestland i 2021. Dette var berre ein auke på 3 prosent frå 2020, og reisetalet er 34 prosent lågare enn normalåret 2019.

Mange båtruter har tilnærma same reisetal som i 2020, noko som kan skuldast at mange av dei som pendlar med båt, er arbeidsreisande som har kunna byte ut reiser med heimekontor.

Ferjetrafikken normalisert

På fylkesvegferjene var det 5,1 millionar passasjerar. Her vart situasjonen nær normalisert i 2021. Ferjetrafikken vart aldri like sterkt råka av pandemien som kollektivtrafikken, og trafikktala for 2020 var berre 7 prosent under 2019-nivået. I 2021 var talet på både køyretøy og passasjerar på ferjene tilbake til same nivå som i 2019.

Ferjedrifta i fylket har svært god driftsregularitet, med eit gjennomsnitt utanom force majeure på 99,87 prosent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.