Lokal | 02. jan. 2013

Færingen ut av Oseana

Styret i Oseana KF har sagt opp avtalen med Færingen Restaurant AS. Færingen sjølv vil sjekka avtalen juridisk.

Færingen ut av Oseana
Færingen hadde ein god start sommaren 2011. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 02. jan. 2013 09:40

I styremøte i desember bestemte styret i Oseana KF å seia opp avtalen med Færingen Restuarant AS, restauranten som har vore i Oseana sidan opninga 17. juni 2011.

– Det stemmer at vi har sagt opp avtalen. Det blei bestemt i styremøtet 12. desember, seier styreleiar i Oseana, ordførar Terje Søviknes.

Søviknes vil ikkje seia anna om årsaka enn at det har med økonomi å gjera.

– Vi er avhengig av inntekter i Oseana, også frå restaurantdrifta, seier Søviknes.

Ville venta med å informera

Midtsiden kjente til at det skulle vera eit avgjerande møte i desember, men etter møtet ville ikkje Søviknes kommentera innhaldet.

– Grunnen var at vi, saman med Færingen, ville koma med ei felles presseorientering i romjula. Men så ville ikkje folka bak Færingen at vi skulle ut med dette i desember likevel.

Ser etter ny drivar

Oseana KF ser no etter ny drivar til restauranten. Færingen sin siste dag var 21. desember.

– I mellomtida driv vi serveringa sjølv, frå snop til kinoen til servering av drikke under arrangement, som under romjulsbluesen vesle nyttårsaftan.

– Ved større arrangement leiger vi inn eit eksternt cateringselskap.

Målet er å ha ny drivar på plass innan påske.

– Sjekkar saka juridisk

Dagleg leiar i Færingen Restauranter AS, Bjørn Mogenstad, seier Færingen var innstilt på å reforhandla avtalen.

– Vi meiner vi ikkje har fått dei vilkåra vi trengte for å sikra god drift.

– Blant anna har ikkje Oseana lykkast i å bygga volum. Dei har mange vellykka arrangement, men veldig få relatert til servering.

– At kulturhuset, som blant anna er kåra til "Årets Bygg", ikkje sel eitt einaste julebord, synes vi ikkje er godt nok. I tillegg driv vi og betalar leasing på eit storkjøkken til catering, eit kjøkken vi har brukt éin gong, nemner Mogenstad som eksempel.

Han innrømmer at Færingen skyldar husleige til Oseana.

– Men vi kunne gjerne ha skote inn meir kapital om vi hadde fått reforhandla avtalen med litt andre vilkår, seier Mogenstad, som no vil ha den oppsagte avtalen vurdert juridisk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.