Brann og beredskap | 06. juli 2021

Familie blei vekt av røykvarslar

Brannvesenet rykte ut etter at huseigar hadde sløkt brannen.

Familie blei vekt av røykvarslar
Bjørnafjorden brann og redning rykte ut til Halhjem tysdag morgon. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. juli 2021 07:58

Klokka 07.10 tysdag morgon fekk brannvesenet melding frå ein bustad i Halhjemsmarka.

Huseigar hadde sløkt sjølv, og ettermeldte brannen så fagfolk kunne sjekka huset.

– Han sløkte med skum, og han hadde gjort ein veldig god jobb, seier utrykkingsleiar Yngve Eriksen frå Bjørnafjorden brann og redning.

Det var fire personar i bustaden då brannen starta.

– Dei blei vekt av røykvarslar. Dette er eit godt eksempel på kor viktig det er både å installera røykvarslarar og å sjekka at alle har batteri, seier Eriksen.

Politiet var også på staden. Brannen var på eit vaskerom. Vi har foreløpig ikkje fått kommentar frå politiet om mogleg brannårsak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.