Politi | 11. nov. 2023
Fann éin ting å reagera på
Dagens kontroll enda med kortesje.
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 11. nov. 2023 10:02
Laurdag morgon hadde politiet trafikkontroll i Mobergsbakken ved Peppes.
– Vi har kontrollert rundt 35 bilistar. Alle var edru og hadde dokument i orden, seier politibetjent Morten Haugland.
Rett før dei skulle vinka ein av dei tre siste av garde, oppdaga han likevel at noko kunne vore betre.
– Sommardekk i dag er ikkje å sko seg etter forholda, men bilførar fortel at vedkomande er på veg til verkstad for nettopp å få på vinterdekk.
– Han skal få køyra vidare utan gebyr, men sidan det er isete på vegen, så følgjer vi han til verkstaden.