Politi | 14. jan. 2023

Fann skadd hund i vegen

Uvisst om den er påkøyrd.

Fann skadd hund i vegen
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. jan. 2023 08:23

Klokka 03.15 natt til laurdag fekk politiet melding om ein skadd hund.

Hunden blei funnen i vegen på Drange.

– Det er mogleg at den er påkøyrd av bil, men det veit vi ikkje sikkert, seier vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Hunden blei køyrd heim til eigar, som tok den med vidare til veterinær.

Vinglete køyring i 100-sona

Klokka 18.50 stoppa politiet ein bil etter melding om vinglete køyring i tunellane på ny E39.

– I bilen var eit ektepar frå Australia. Dei forklarte at dei var forvirra av GPS, som ikkje var oppdatert med den nye vegen.

Politiet bad førar ha meir fokus på vegen mens dei køyrde, og heller stoppa ein stad for å diskutera vegen vidare.

Mangla skilt - hadde for mykje lys

I 19-tida stoppa politiet ein bil som mangla skilt framme på bilen. Skiltet låg på dashbordet.

Vedkomande fekk beskjed om å festa skiltet før neste køyretur.

Vedkomande hadde også ein LED-bar i front med markeringslys. Bilførar fekk beskjed om at LED-barar og 1000-meterar ikkje skal ha tent markeringslys, og fekk sjanse til å utbetra dette.

Fekk beskjed om å salta betre

Fredag kveld kom det fleire meldingar om glatte vegar i Vestland, først inst i fylket, så lengre vest.

Midtsiden fekk melding om svært glatte forhold på Strønevegen, politiet fekk melding om behov for meir salt på Skeisflaten.

Vegtrafikksentralen blei varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.