Får 100 kvm med takterrasse
Når restaurantbygget «Osroso» står ferdig kan du sjå Tysnes frå Torget.
Det går mot innspurt på bygginga av «Osroso», Os kommune sitt glasbygg i Os sentrum.
I mars skal leigetakar Havnechefens Restaurant AS flytta inn, og når restauranten (som førebels ikkje har fått namn) opnar, blir det med servering inne, ute og på taket.
– Bygget ser ikkje så stort ut, og restauranten nede blir liten og intim med plass til 40-50 gjestar, seier dagleg leiar Reidun Vasby.
– Men alt i alt så blir det god plass, med rundt 80 kvadratmeter uterestaurant på gateplan og 100 kvadratmeter på taket. Denne takterrassen trur eg mange vil gle seg over, og vi har naturlegvis planar om å ha gode parasollar så folk kan sitja ute også om det er litt yr, eller litt for mykje sol.
Med heis og trapp
Takterrassen får tredekke, rekkverket blir i glas. Tilkomst blir med både trapp og heis.
– Trappe- og heishuset blir sånn at vi kan, og vil, låsa det av når restauranten er stengt.
– Delar av utearealet under tak blir ope for alle, mens noko av det er sett av til våre gjestar. Dette vil, blant anna grunna skjenkereglar, bli markert.
Det skal óg vera plass til at torgseljarar skal kunna stå under tak, inntil restauranten, på eige område. Dette skal administrerast av Os Sentrumsforening.
– Eg håper og trur det vil bli eit livleg område både i, utanfor og oppå bygget.
Restauranten er så langt i planane at dei snart byrjar å fotografera dei første rettane på menyen. Opningsdato er ikkje sett.
• Berit Nordstrand: – Mitt første restaurantprosjekt