Politi | 10. apr. 2024

Får fleire meldingar om svindelforsøk og brot på bandtvangreglane

Politiet åtvarar.

Får fleire meldingar om svindelforsøk og brot på bandtvangreglane
Bjørnafjorden politistasjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. apr. 2024 07:43

På tampen av påsken, måndag 1. april, var det bandtvang igjen.

Bjørnafjorden kommune har si eiga forskrift, som går utover dei nasjonale.

Bandtvang gjeld uansett vektklasse. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògBandtvang frå i morgon

– Dei siste dagane har vi fått inn fleire meldingar om lause hundar ulike stadar i bygda, fortel politiførstebetjent Morten Haugland.

Det er presisert at bandtvang betyr at hunden skal vera fysisk i band, eller forsvarleg inngjerda. Det er ikkje tilstrekkeleg at hunden er under kontroll og i følge med eigar.

I Bjørnafjorden kommune er det bandtvang til og med 30. september.

Politiet opplever òg at det for tida er fleire tilfelle av forsøk på bedrageri over internett.

– Ver merksam på å ikkje opna linkar mottat frå ukjente avsendarar.

– Eposten du mottar kan sjå truverdig ut, med logo og kjent firmanamn som avsendar, men sjekk kva epostadresse som eigentleg er avsendar. Den kan avsløra at vedkomande ikkje er frå firmaet som står som avsendar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.