Lokal | 29. apr. 2016

Får styrka politiet, men ikkje nok

Lensmann Oddbjørn Dyrdal får fleire medarbeidarar, men hadde ønska seg enno meir. – Vi er det lensmannsdistriktet som veks mest i innbyggjertal.

Får styrka politiet, men ikkje nok
Lensmann Oddbjørn Dyrdal orienterte tysdag kommunestyret om stoda i politiet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 29. apr. 2016 08:14

Tysdag hadde lensmann Oddbjørn Dyrdal sin årlege orientering om kriminalitetsbilde og ressurs-situasjonen ved lensmannskontoret til lokalpolitikarane i kommunestyret.

– Os lensmannsdistrikt er det distriktet som veks med flest folk. Difor stiller eg krav til mine overordna om at vi må få tildelt meir ressurser og at vi blir satt i stand til å følgje med i teknologien, innleia lensmannen.

Les og:
Krimstatistikken frå 2015
Berre økonomisk velstand i Os?

Får fleire folk

Lensmannen fortalde at bodskapet har til ein viss grad har nådd fram, men at det framleis er eit stykke att til dei har den kapasiteten han skulle ønskje seg.

På spørsmål frå Leif Gunnar Heggland (Frp) om bevillingane til lensmannskontoret heng med veksten ein ellers har i kommunen svara lensmannen at det gjer dei nok ikkje.

– Bevillingane heng nok ikkje med for politiet sin del, men det gjer dei ikkje for dei andre einingane sin del heller. Eg skulle nok ønskja at vi hadde blitt tilgodesett med meir ressursar. No har eg nettopp fått bevillingsbrev om fleire stillingar til lensmannskontoret. Det tykkjer eg er eit godt val av politisjefen, smilte lensmannen.

God samarbeid

Lensmannen understreka det gode samarbeidet han har med kommunen sine folk og næringslivet i Os.

– Eg er priviligert som lensmann med det samarbeidet vi har i kommunen. Politirådet fungerer veldig bra og eg er særs nøgd med samarbeidet vi har med ordføraren, rådmannen og staben deira. Det gjeld òg når det kjem til kriseleiing og beredskapsarbeid.

– Eg vil òg understreke den gjensidig gode dialogen vi har med utestadene. Det at vi slår kjapt ned på hendingar i tilknytting til desse og har ein lav terskel for anmeldelser har ein positiv innverknad. Vi har ikkje ein høg andel av blind vald knytt til utelivet. All honnør til utestadene som er villige til å ha godt samarbeid med oss i politiet. Det er heller ikkje i deira interesse at dette kjem ut av kontroll.

Ønskjer seg politistasjon på Moberg

Ordførar Terje Søviknes (Frp) var tidleg ute med å tilby politiet tomt ved beredskapssenteret på Moberg då ny politimeister blei tilsett i politidistrikt Vest.

Les og: Kjem med tomteforslag til politiet

– Det brukar eg for alt det er verdt i den prosessen vi er inne i samband med politireforma. Den redegjøringa ordføraren har gitt ovanfor politimeisteren underbyggjer det eg sjølv står for. Seinast fredag hadde vi vitjing av politidirektøren og fire andre direktørar frå politidirektoratet (POD) på kontoret, så tankane og ønskje er godt forankra oppe i POD-systemet, fortalde lensmannen.

– Det er nok godt forankra i eit visst departement og, kommenterte ordføraren med eit smil.

Truleg vil ikkje framtidig organisering og om Os får ein eigen drifteining vera avklart før over sommaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.